< Salomos Ordsprog 16 >

1 Hjartans rådleggjing høyrer menneskja til, men tunga fær svaret frå Herren. 2 Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rein, men det er Herren som prøver ånderne. 3 Legg verki dine på Herren, so skal tankarne dine få framgang. 4 Herren hev gjort kvar ting til sitt endemål, ogso den ugudlege til uferdsdagen. 5 Kvar ovmodig er ei gruv for Herren, du kann vera viss, han skal’kje verta urefst. 6 Med kjærleik og truskap vert misgjerning sona ut, med otte for Herren flyr ein frå det vonde. 7 Når Herren likar ferdi åt ein mann, so let han jamvel fiendarne halda fred med honom. 8 Betre er lite med rettferd enn innkomor store med urett. 9 Mannsens hjarta tenkjer ut sin veg, men Herren styrer hans stig. 10 Gudsord er på konungs lippor, i domen skal hans munn ei gjera mistak. 11 Rett vegt og rette vegtskåler høyrer Herren til, hans verk er alle lodd i pungen. 12 Ugudleg åtferd er ein styggedom for kongar, for truna stend trygt ved rettferd. 13 Kongen likar rettferdige lippor, dei elskar den som segjer det som er rett. 14 Konungs vreide er daude-bod, men ein vismann stiller vreiden. 15 I ljos frå konungs åsyn er det liv, og hans godhug er som ei regnsky um våren. 16 Å vinna visdom - kor mykje betre er det ei enn gull! Å vinna vit er meire verdt enn sylv. 17 Den vegen dei ærlege gjeng, er å fly frå vondt, den som agtar på sin veg, han varar si sjæl. 18 Fyre undergang gjeng ovmod, og stormod fyre fall. 19 Betre er med armingar å vera audmjuk enn skifta herfang med ovmodige. 20 Den som agtar på ordet, skal finna lukka, den som lit på Herren - sæl er han! 21 Den vise i hjarta vert kalla vitug, og søtleik på lipporne aukar lærdom. 22 Klokskap er livsens kjelda for deim som eig han, men fåvit er refsing for fåvise folk. 23 Vismanns hjarta gjer munnen hans vitug og aukar læra på lipporne hans. 24 Milde ord er honningdropar, søte for sjæli og lækjedom for beini. 25 Mang ein veg tykkjer folk er rett, men enden på honom er vegar til dauden. 26 Vinne-kars hunger onnar for honom, for hans eigen munn driv på. 27 Ein låk mann grev ei ulukke-grav, og det logar som eld på lipporne hans. 28 Ein ranglyndt mann yppar trætta, og den som ber drøs, skil ven frå ven. 29 Ein valdsmann lokkar næsten sin, og leider han inn på ein veg som ei er god. 30 Den som let augo att, vil tenkja range tankar, den som knip lipporne i hop, set vondt i verk. 31 Grå hår er fager krans! Han er å vinna på rettferds veg. 32 Ein tolug mann er betre enn ei kjempa, og den som styrer hugen sin, stend yver den som tek ein by. 33 Dei kastar terningen i fanget, men all hans avgjerd kjem frå Herren.

< Salomos Ordsprog 16 >