< 4 Mosebok 17 >

1 Då tala Herren til Moses, og sagde: 2 «Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans. 3 Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava. 4 So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk. 5 Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.» 6 So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron. 7 Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet. 8 Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar. 9 Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav. 10 Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.» 11 Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han. 12 Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman! 13 Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»

< 4 Mosebok 17 >