< Mika 4 >

1 Men det skal ganga so i dei siste dagarne, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera fast tufta på toppen av dei andre fjelli, og lyfta seg skal det upp yver høgderne; og folkeslagi skal strøyma upp på det. 2 Og mange heidningefolk skal ganga av stad og segja: «Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell og til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss um vegarne sine, og me kann ferdast på stigerne hans.» For ifrå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord ifrå Jerusalem. 3 Og han skal døma millom mange folkeslag og skifta rett for megtige heidningfolk, jamvel um dei bur langt burte. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar. Folki skal ikkje lenger lyfta sverd mot kvarandre, og ikkje meir læra seg til å føra krig. 4 Men kvar og ein skal sitja under sitt vintre og sitt fiketre; og ingen skal skræma deim, for Herrens, allhers drotts, munn hev tala. 5 Alle folkeslagi ferdast, kvart i sin guds namn; men me ferdast i Herrens, vår Guds, namn æveleg og alltid. 6 På den dagen, segjer Herren, skal eg samla dei haltande og sanka i hop dei burtdrivne og deim som eg hev fare vondt med. 7 Og eg vil gjera dei haltande til ein leivning, og deim som var drivne langt burt, til eit mangment folk. Og Herren skal vera konge yver deim på Sions fjell frå no og til æveleg tid. 8 Og du hyrding-tårn, du dotter Sions haug! Til deg skal det koma nå, ja, koma, det forne veldet, kongeveldet til dotteri Jerusalem. 9 Men kvifor skrik du no so høgt? Finst det då ingen konge i deg? Eller er rådgjevaren din komen burt, etter di rider hev gripe deg, som ei fødande kvinna? 10 Vrid deg og anka deg, du dotter Sion, som ei kvinna som føder! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og koma heilt til Babel! Der skal du verta frelst; der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendarne dine. 11 No hev mange heidningfolk samla seg imot deg, og dei segjer: «Ho skal verta vanhelga, so augo våre kann få sjå på Sion med lyst!» 12 Men dei kjenner ikkje Herrens tankar og skynar ikkje hans rådgjerd; for han hev samla deim som kornband på treskjarstaden. 13 So reis deg då og tresk, du dotter Sion! for eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du kann knustra mange folk; og herfanget deira skal du bannlysa åt Herren, og skattar deira til allheims drott.

< Mika 4 >