< Matteus 3 >

1 I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i Judaheidi 2 og sagde: «Vend um! For himmelriket er nær.» 3 Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!» 4 Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning. 5 Då kom dei ut til honom frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordan-kverven, 6 og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine. 7 Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar? 8 Ber då frukt som svarar til umvendingi, 9 og tru ikkje de kann tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne. 10 Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. 11 Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld. 12 Han hev kasteskovlen i handi, og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.» 13 So kom Jesus frå Galilæa åt Jordan, til Johannes, og vilde få honom til å døypa seg. 14 Men Johannes bar seg undan og sagde: «Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg!» 15 «Lat det no vera so like vel!» svara Jesus. «For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett.» Då gjorde han som Jesus vilde. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for honom, og han såg Guds Ande koma dalande nedyver seg som ei duva, 17 og ei røyst frå himmelen sagde: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.»

< Matteus 3 >