< Matteus 23 >

1 Sidan tala Jesus til folket og til læresveinarne sine og sagde: 2 «På Moses’ stol sit dei skriftlærde og farisæarane. 3 Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningarne deira skal de ikkje fara! For dei segjer det, men dei gjer det ikkje. 4 Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdarne åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda deim med ein finger. 5 Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskarne på kjolen sin store. 6 Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessarne i synagogorne, 7 og vil at folk skal helsa deim på torget og kalla dei rabbi. 8 Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør. 9 Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen. 10 Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus. 11 Den største av dykk skal vera den som tener dei andre. 12 For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor. 13 Men ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og deim som gjerne vilde, let de ikkje få koma inn. 14 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få strengare dom. 15 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de fer land og strand og leitar etter ein fylgjesvein, og finn de ein, so gjer de honom til eit helvitesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve. (Geenna g1067) 16 Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: «Um ein sver ved templet, so er det’kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.» 17 Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla? 18 og: «Um ein sver ved altaret, so er det’kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.» 19 Blindingar! Kva er då størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret? 20 For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som er på det; 21 og den som sver ved templet, sver både ved det og ved honom som bur i det; 22 og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved honom som sit der. 23 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi, rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller. 24 Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen! 25 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og måteløysa. 26 Blinde farisæarar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert ho rein utanpå og. 27 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei væne å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. 28 Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett. 29 Ve yver dykk skriftlærde og farisæarar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetarne og pryder graverne åt dei rettferdige og segjer: 30 «Hadde me vore til då federne våre livde, so hadde me ikkje vore med deim og drepe profetarne.» 31 So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt deim som slo profetarne i hel. 32 Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt! 33 De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvitesdomen? (Geenna g1067) 34 Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenner og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogorne dykkar og jaga frå by til by, 35 so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå den skuldlause Abel og til Zakarja, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret. 36 Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman. 37 Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetarne, og steinar deim som er sende til deg, kor tidt hev eg’kje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungarne sine under vengjerne! Men de vilde ikkje. 38 Sjå no skal de få hava huset dykkar audt. 39 For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: «Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!»»

< Matteus 23 >