< Matteus 16 >

1 Då kom farisæarane og sadducæarane og freista honom, og bad at han vilde lata deim få sjå eit teikn frå himmelen. 2 Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud, » 3 og um morgonen: «I dag vert det uver; for himmelen er raud og myrk.» Himmelsbragdi veit de å døma um, men tidarteikni kann de ikkje tyda. 4 Ei vond og utru ætt krev etter teikn, men dei skal’kje få anna teikn enn Jona-teiknet.» Dermed snudde han seg ifrå deim og gjekk burt. 5 Då dei so for yver til hi sida, gløymde læresveinarne å taka brød med seg. 6 So sagde Jesus til deim: «Sjå til at de tek dykk i vare for farisæar- og sadducæar-surdeigen!» 7 Då sagde dei seg imillom: «Det er av di me ikkje tok brød med oss!» 8 Jesus gådde det og sagde: «Kvi talar de dykk imillom um det at de ikkje hev brød med, de fåtruande? 9 Hev de endå so lite vit? Kjem de ikkje i hug dei fem brødleivarne til dei fem tusund mann, og kor mange korger de fekk att, 10 og ikkje dei sju leivarne til dei fire tusund, og kor mange korger de då fekk att? 11 Kann de då’kje skyna at det ikkje var brød eg tala til dykk um? Men agta dykk for farisæar- og sadducæar-surdeigen!» 12 Då skyna dei at det ikkje var surdeigen i brødet han hadde meint, men læra åt farisæarane og sadducæarane. 13 Då Jesus var komen til bygderne kring Cæsarea Filippi, spurde han læresveinarne sine: «Kven segjer folk at Menneskjesonen er?» 14 Dei svara: «Sume segjer: «Johannes døyparen, » andre: «Elia», endå andre: «Jeremia eller ein annan av profetarne.»» 15 «Kven segjer då de at eg er?» spurde han. 16 Då tok Simon Peter til ords og sagde: «Du er Messias, den livande Guds Son.» 17 Og Jesus sagde til honom: «Sæl er du, Simon Jonason! for det er ikkje kjøt og blod som hev lært deg det, men far min i himmelen. 18 Og no segjer eg deg at du er Peter; yver den steinen vil eg byggja mi kyrkja, og helheimsportarne skal ikkje vinna yver henne. (Hadēs g86) 19 Eg vil gjeva deg lyklarne til himmelriket; det som du bind på jordi, skal vera bunde i himmelen, og det som du løyser på jordi, skal vera løyst i himmelen.» 20 So forbaud han læresveinarne å segja det med nokon at han var Messias. 21 Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att. 22 Peter tok honom til sides og for til å telja for honom og sagde: «Hjelpe deg Gud, Herre! Slikt må aldri henda deg!» 23 Då snudde han seg imot Peter og sagde: «Gakk utor augo mine, Satan! Du er meg eit styggje, for du hev’kje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskjevilje.» 24 Same gongen sagde Jesus til læresveinarne sine: «Vil nokon vera i lag med meg, so lyt han gløyma seg sjølv, og taka krossen sin upp og fylgja etter meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det; men den som misser livet for mi skuld, skal finna det. 26 Kva batar det eit menneskje, um han vinn heile verdi, men taper sjæli si? Eller kva hev menneskjet å gjeva i byte for sjæli si? 27 For Menneskjesonen skal koma i herlegdomen åt far sin med englarne sine, og då skal han gjeva kvar og ein lika for det dei hev gjort. 28 Det segjer eg dykk for visst: Sume av dei som stend her, skal ikkje smaka dauden fyrr dei hev set Menneskjesonen koma i sitt kongelege velde.»

< Matteus 16 >