< Matteus 11 >

1 Då Jesus hadde sagt alt det han vilde leggja dei tolv læresveinarne på minne, for han burt att, og tok til å læra folk og tala for dei kring i byarne. 2 Johannes fekk høyra i fengslet um gjerningarne åt Kristus. Då sende han bod med læresveinarne sine, og spurde honom: 3 «Er du den som skal koma, eller lyt me venta ein annan?» 4 Jesus svara: «Gakk og seg Johannes kva de høyrer og ser: 5 Blinde fær syni si, og halte gjeng ikring, spillsjuke vert reine, og dauve høyrer, daude stend upp att, og fatige fær høyra evangeliet, 6 og sæl er den som ikkje styggjest ved meg.» 7 Då dei gjekk burt, tok Jesus til å tala til folket um Johannes: «Kvi gjekk de ut i øydemarki? Vilde de sjå ei røyr som svagar att og fram i vinden? 8 Kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein mann med fine klæde? Nei, dei som gjeng i fine klæde, held til i kongsgardarne. 9 Men kvi gjekk de då der ut? Vilde de sjå ein profet? Ja, segjer eg dykk, og det ein som er meir enn profet. 10 Det er um honom det er skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; der du vil fara, skal han vegen rydja.» 11 Det segjer eg dykk for sant: Aldri hev det stige fram nokon større millom menneskjeborni enn Johannes døyparen; og endå er den minste i himmelriket større enn han. 12 Men frå Johannes døyparens tid og til denne stund bryt folk seg med magt inn i himmelriket, og dei som bryt seg inn, riv det til seg. 13 For alle profetarne og lovi spådde alt til Johannes kom; 14 og vil de tru det, so er han Elia som skulde koma. 15 Høyr etter, kvar som høyra kann! 16 Kven skal eg likna denne ætti med? Dei likjest born som sit på torget og ropar til andre born: 17 «Me let i fløyta for dykk, og de dansa ikkje; me song eit syrgjekvæde, og de øya ikkje.» 18 For fyrst kom Johannes, og korkje åt eller drakk; då sagde dei: «Han må vera forgjord!» 19 So kom Menneskjesonen; han et og drikk, og so segjer dei: «Sjå for ein etar og drikkar! Han er godvener med tollmenner og syndarar!» Men visdomen hev prova si rettferd med sine gjerningar.» 20 So tok han til å lasta dei byarne som han hadde gjort flest under i, for di dei ikkje vende um: 21 «Ve yver deg, Korasin! Ve yver deg, Betsaida! Hadde dei underi som eg gjorde i dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, so hadde dei longe angra og havt på seg sekk og oska. 22 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Tyrus og Sidon likare enn dykk. 23 Og du, Kapernaum, som hev vore lyft upp til himmelen, til helheimen skal du støytast ned! For hadde dei underi som er gjorde i deg, vore gjorde i Sodoma, so hadde han stade til denne dag. (Hadēs g86) 24 Men det segjer eg dykk: På domedag skal det ganga Sodomalandet likare enn dykk.» 25 I den same tidi tok Jesus til ords og sagde: «Eg lovar deg, Fader, du som råder yver himmelen og jordi, at du hev løynt dette for dei lærde og kloke, og openberra det for dei ulærde og barnslege! 26 Ja, Fader, for soleis tykte du det best! 27 Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og hev tungt å bera! hjå meg skal de få kvila dykk ut. 29 Tak mitt ok på dykk, og lær av meg! for eg er mild og mjuk i hjarta, og de skal finna kvild for sjælerne dykkar. 30 For mitt ok er godt, og mi byrd er lett.»

< Matteus 11 >