< Matteus 10 >

1 So kalla han til seg dei tolv læresveinarne sine, og gav deim magt yver ureine ånder, so dei kunde driva deim ut, og kraft til å lækja all sjukdom og vanhelsa. 2 So er namni på dei tolv apostlarne: Fyrst Simon, han som kallast Peter, so Andreas, bror hans, og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans, 3 Filip og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, tollmannen, Jakob, son åt Alfæus, og Lebbæus, 4 Simon Kananæus og Judas Iskariot, den same som sveik honom. 5 Desse tolv var det Jesus sende ut, og han rettleidde deim og sagde: «Tak ikkje vegen til heidningarne, og gakk ikkje inn i nokon av samaritan-byarne! 6 Gakk heller til dei forkomne lambi av Israelshuset! 7 Og kvar de kjem, so gjer kunnigt at himmelriket er nær! 8 Læk helselause, vekk upp daude, gjer spillsjuke reine, driv ut djevlar! For inkje hev de fenge det, for inkje skal de gjeva det. 9 Tak ikkje med dykk gull eller sylv eller kopar i belti dykkar, 10 ikkje ferdaskreppa, ikkje tvo trøyor, ikkje skor, ikkje stav! For ein arbeidsmann er kosten sin verd. 11 Kvar gong de kjem til ein by eller ei grend, so høyr etter kven der er som er verd å taka imot dykk, og hjå honom skal de vera til de tek ut att. 12 Når de kjem inn i eit hus, so lys velsigning yver det, 13 og er huset verdt det, so skal det få den velsigningi de hev lyst, men er det ikkje verdt det, so skal velsigningi koma attende til dykk. 14 Og er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på ordi dykkar, so gakk ut att or det huset eller den byen, og rist dusti av føterne dykkar! 15 det segjer eg dykk for visst: På domedag skal det ganga Sodoma- og Gomorralandet likare enn den byen. 16 Sjå no eg sender dykk liksom sauer inn i ulveflokken; ver då kloke som ormen og godtrugne som duva! 17 Tak dykk i vare for folk! For dei kjem til å gjeva dykk yver til domstolarne og hudfletta dykk i synagogorne sine, 18 og for kongar og landshovdingar skal dei føra dykk fram for mi skuld, so de skal vitna for deim og for heidningarne. 19 Men når dei dreg dykk for retten, so syt ikkje for korleis eller kva de skal tala! Ordi de skal tala, skal de få i same stundi. 20 For det er ikkje de som talar; det er åndi åt far dykkar som talar i dykk. 21 Bror skal senda bror i dauden, og faren barnet sitt, og born skal standa fram mot foreldri sine, og valda at dei lyt døy. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld: men den som held ut til endes, han skal verta frelst. 23 Når dei då søkjer etter dykk i ein by, so røm til ein annan! For det segjer eg dykk for visst: De vinn ikkje vitja alle byarne i Israel fyrr Menneskjesonen kjem. 24 Læresveinen er ikkje yver meisteren, og tenaren er ikkje yver husbonden sin. 25 Det lyt vera nok for læresveinen at han vert som meisteren sin, og for tenaren at han vert som husbonden. Hev dei kalla husbonden Be’elsebul, kann so husfolket venta det betre? 26 Ver då ikkje rædde deim! For ingen ting er løynt anna det ein gong kjem upp, og ingen ting dult anna det ein gong vert kjent. 27 Det som eg segjer dykk i myrkret, skal de tala i ljoset, og det som vert kviskra i øyra på dykk, skal de ropa ut på taki. 28 Ottast ikkje dei som drep likamen, men ikkje kann drepa sjæli! Ottast heller honom som kann tyna både sjæl og likam i helvite! (Geenna g1067) 29 Sel dei ikkje tvo sporvar for ein skilling? Og ikkje ein av deim fell ned på jordi utan Far dykkar vil. 30 Og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. 31 So ver ikkje rædde! De er meir enn mange sporvar. 32 Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen; 33 Men den som avneittar meg for folk, honom skal eg og avneitta for far min i himmelen. 34 De må’kje tru eg er komen for å føra fred ned på jordi! Eg er’kje komen med fred, men med sverd. 35 Eg er komen for å setja ufred millom far og son, og millom mor og dotter, og millom vermor og sonekona, 36 og mannen skal få sin eigen huslyd til uven. 37 Den som hev far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg, og den som hev son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg, 38 og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det, og den som misser livet for mi skuld, skal vinna det. 40 Den som tek imot dykk, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot honom som sende meg. 41 Den som tek imot ein profet for di han er ein profet, skal få same løni som ein profet, og den som tek imot ein rettferdig for di han er rettferdig, skal få same løni som ein rettferdig. 42 Og den som gjev ein av desse små um det er’kje anna enn ei skål med kaldt vatn, for di han er min læresvein, han skal på ingen måte missa løna si, det segjer eg dykk for visst.»

< Matteus 10 >