< Markus 5 >

1 So kom dei yver til hi sida av sjøen, til Gerasenarbygdi, 2 og med det same han steig utor båten, kom ein mann med ei urein ånd imot honom frå gravholorne. 3 Mannen hadde tilhald i graverne, og ingen kunde lenger få bunde honom, ikkje ein gong med lekkjor; 4 for han hadde ofte vore bunden med fotjarn og lekkjor, men slite lekkjorne og brote sund fotjarni, og ingen var god til å døyva honom. 5 Allstødt både natt og dag var han i graverne og på fjelli og hua og slo seg sjølv med steinar. 6 Då han no såg Jesus langt burte, kom han springande og kasta seg ned for føterne hans, 7 og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, son åt den høgste Gud? For Guds skuld: pin meg ikkje!» 8 For Jesus sagde til honom: «Far ut or mannen, du ureine ånd!» 9 «Kva er namnet ditt?» spurde Jesus. «Legion er namnet mitt, » svara han; «for me er mange.» 10 Og han naudbad Jesus, at han ikkje vilde driva deim ut or bygdi. 11 No var det ein stor svineflokk som gjekk på beite der innmed fjellet; 12 so bad dei honom: «Send oss burt i svineflokken, og lat oss få fara inn i deim!» 13 Det gav han deim lov til. So for dei ureine åndene ut og for i svini. Og heile flokken, um lag tvo tusund svin, sette utyver stupet ned i sjøen og druknast. 14 Dei som gjætte svini, rømde og sagde frå um det i byen og på gardarne, og folk tok ut og vilde sjå kva det var som hadde hendt. 15 Då dei so kom til Jesus, fekk dei sjå at den forgjorde sat der klædd, og med sitt fulle vit, han som hadde havt djevleheren i seg. Og dei vart ottefulle. 16 Og då dei som hadde set det, fortalde korleis det hadde gjenge med den forgjorde, og um svini, 17 tok dei til å beda Jesus at han vilde fara burt frå grensorne deira. 18 Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde um han måtte vera med honom. 19 Men Jesus let honom ikkje få lov, og sagde: «Gakk heim til folket ditt, og seg med deim kor mykje Herren hev gjort for deg, og kor god han hev vore med deg!» 20 So gjekk mannen og tok til å gjera kunnigt kring i Dekapolis kor mykje Jesus hadde gjort for honom. Og alle undra seg. 21 Då Jesus hadde fare yver til hi sida att med båten, og endå var nedmed sjøen, samla det seg ein stor folkehop kringum honom. 22 Då kom ein av synagoge-forstandarane, som heitte Jairus, og med det same han såg Jesus, kasta han seg ned for føterne hans 23 og bad honom mykje og sagde: «Vesle dotter mi ligg på det siste - um du vilde koma og leggja henderne på henne, so ho kann bergast og liva!» 24 Jesus gjekk med honom, og ein stor folkehop fylgde etter, og trengde seg um honom. 25 Millom deim var ei kvinna som hadde havt blodflod i tolv år. 26 Ho hadde søkt mange lækjarar, og prøvt mange råder, og kosta ut alt ho åtte; men det hadde ikkje muna; ho var heller vorti verre. 27 Ho hadde høyrt ordet um Jesus, og no kom ho midt i folkehopen og tok attantil i kjolen hans. 28 «Kann eg få taka um so berre i klædi hans, vert eg god att, » tenkte ho. 29 Og med ein gong stana blodflodi, og ho kjende det i likamen at ho var lækt for sjukdomen. 30 Jesus kjende straks på seg at det for ei kraft ut ifrå honom; han snudde seg um i hopen og spurde: «Kven var det som tok i klædi mine?» 31 «Du ser folket trengjer deg på alle kantar, » svara læresveinarne, «og so spør du kven det var som tok i deg!» 32 Då såg han seg ikring etter den som hadde gjort det. 33 Og kvinna, som var so rædd at ho skalv, av di ho visste kva som hadde hendt henne, ho kom og kasta seg ned for føterne hans, og sagde honom alt som det var. 34 Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim og hav det godt, og ver fri sjukdomen din!» 35 Fyrr han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagoge-forstandaren og sagde: «Dotter di hev slokna. Umaka ikkje meisteren lenger!» 36 Jesus høyrde kva dei tala um, og sagde til synagoge-forstandaren: «Ottast ikkje! Berre tru!» 37 Han let ingen fylgja seg utan Peter og Jakob og Johannes, bror åt Jakob. 38 Og då dei kom heim til synagoge-forstandaren, og han såg for eit ståk der var, og høyrde folk gret og våla, 39 gjekk han inn og sagde: «Kva ståkar og græt de for? Barnet hev ikkje slokna; det søv.» 40 Då log dei åt honom. Men han dreiv deim ut alle saman, og sjølv tok han med seg far og mor åt barnet, og fylgjesveinarne sine, og gjekk inn der barnet låg. 41 Og han tok barnet i handi og sagde: «Talita kumi!» det er det same som: «Vesle gjenta, eg segjer deg: Ris upp!» 42 Og straks reis veslegjenta upp og gjekk ikring; for ho var tolv år. Då vart dei straks reint som dei var frå seg. 43 Men han forbaud deim strengt å lata nokon få vita det, og sagde dei skulde gjeva henne mat.

< Markus 5 >