< Markus 3 >

1 Då Jesus ein annan gong gjekk inn i ei synagoga, var der ein mann som hadde ei nomi hand, 2 og dei gjætte på honom um han vilde lækja mannen på kviledagen, so dei kunde få noko å klaga honom for. 3 Då sagde han til mannen med den nomne handi: «Reis deg upp og kom fram!» 4 Og til dei andre sagde han: «Er det rett å gjera godt på kviledagen eller å gjera vondt - berga eit liv eller drepa?» Dei tagde. 5 Då såg han rundt ikring på deim, både harm og sorgfull for di dei var so harde og stride. So sagde han til mannen: «Rett fram handi!» Då rette han henne fram, og handi hans vart like god att. 6 Men farisæarane gjekk ut og tok straks til å samråda seg med Herodes-mennerne korleis dei skulde få gjort ende på honom. 7 So for Jesus med læresveinarne sine burt til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilæa fylgde med; og frå Judaland 8 og Jerusalem og Idumea og bygderne på hi sida Jordan og kring Tyrus og Sidon kom dei til honom i flokketal, då dei høyrde um alt det han gjorde. 9 Då sagde han til læresveinarne at det skulde liggja ein båt ferdig til honom for folkemengdi skuld, so dei ikkje skulde trengja honom; 10 for han lækte mange, so alle som hadde eikor plåga, trengde seg innpå honom, og vilde få taka i honom. 11 Og kvar gong dei ureine ånderne såg honom, kasta dei seg ned for føterne hans og ropa: «Du er Guds Son!» 12 Men han forbaud deim både tidt og strengt å gjera honom kjend. 13 So gjekk han upp i fjellet, og kalla til seg deim han sjølv vilde, og dei kom til honom. 14 Og han valde ut tolv som skulde vera med honom, og som han vilde senda ut til å tala for folket, 15 og vilde gjeva magt til å driva ut djevlar. 16 Det var Simon - honom kalla han Peter - 17 og Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans Jakob - deim kalla han Boanerges, det er Toresveinarne - 18 og Andreas og Filip og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, son åt Alfæus, og Taddæus og Simon Kananæus 19 og Judas Iskariot, han som sidan sveik honom. 20 Med det same han kom heim, samla folket seg i hop att, so dei kunde ikkje ein gong få seg mat. 21 Då hans eige folk fekk høyra det, for dei heimantil og vilde få tak i honom; «han må vera frå vitet!» sagde dei. 22 Men dei skriftlærde som var komne ned frå Jerusalem, sagde: «Be’elsebul hev fare i honom! og: «Det er djevlehovdingen sjølv som hjelper honom til å driva ut djevlar.» 23 Då kalla han deim til seg og tala til deim i likningar: «Korleis kann Satan driva ut Satan?» 24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, so kann det riket ikkje standa, 25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, so stend det huset ikkje med lag. 26 Set no Satan seg upp mot seg sjølv og kjem i strid med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg; då er det ute med honom. 27 Men ingen kann ganga inn i huset til ei kjempa og rana eignaluterne hans, hev han ikkje fyrst lagt kjempa i band; då kann han plundra huset. 28 Det segjer eg dykk for sant: Alt skal tilgjevast menneskjeborni, både synder og spottord, kor mykje dei spottar; 29 men den som spottar den Heilage Ande, fær i all æva ikkje tilgjeving; han er saka i ei æveleg synd» - (aiōn g165, aiōnios g166) 30 det var for di dei sagde: «Han hev ei urein ånd i seg.» 31 So kom mor hans og brørne hans; dei vart standande utanfor, og sende bod til honom um han vilde koma ut. 32 Det sat ein stor flokk kringum honom, og dei sagde til honom: «Sjå, mor di og brørne dine stend utanfor og spør etter deg!» 33 Kven er mor mi og brørne mine? svara han. 34 So såg han rundt på deim som sat i ein ring kringum honom, og sagde: «Sjå det er mor mi og brørne mine! 35 Den som gjer det Gud vil, han er bror min og syster mi og mor mi.»

< Markus 3 >