< Lukas 15 >

1 Alle tollmenner og syndarar heldt seg nær innåt Jesus og lydde på honom.
Ἦσαν δὲ αὐτῷ ἐγγίζοντες πάντες οἱ τελῶναι καὶ οἱ ἁμαρτωλοὶ ἀκούειν αὐτοῦ.
2 Men farisæarane og dei skriftlærde murra og sagde seg imillom: «Den mannen tek imot syndarar, og et i lag med deim!»
καὶ διεγόγγυζον οἵ τε Φαρισαῖοι καὶ οἱ γραμματεῖς λέγοντες ὅτι Οὗτος ἁμαρτωλοὺς προσδέχεται καὶ συνεσθίει αὐτοῖς.
3 Då sagde han deim denne likningi:
εἶπεν δὲ πρὸς αὐτοὺς τὴν παραβολὴν ταύτην λέγων
4 Um ein av dykk hev hundrad sauer og misser ein av deim, let han’kje då dei ni og nitti vera att i beitemarki, og gjeng av og leitar etter den han hev mist, til han finn honom?
Τίς ἄνθρωπος ἐξ ὑμῶν ἔχων ἑκατὸν πρόβατα καὶ ἀπολέσας ἐξ αὐτῶν ἓν οὐ καταλείπει τὰ ἐνενήκοντα ἐννέα ἐν τῇ ἐρήμῳ καὶ πορεύεται ἐπὶ τὸ ἀπολωλὸς ἕως εὕρῃ αὐτό;
5 Og når han hev funne honom, er han glad og tek honom på herdarne sine;
καὶ εὑρὼν ἐπιτίθησιν ἐπὶ τοὺς ὤμους αὐτοῦ χαίρων,
6 og med same han kjem heim, kallar han i hop vener og grannar, og segjer til deim: «Gled dykk med meg! Eg hev funne sauen eg hadde mist.
καὶ ἐλθὼν εἰς τὸν οἶκον συνκαλεῖ τοὺς φίλους καὶ τοὺς γείτονας, λέγων αὐτοῖς Συνχάρητέ μοι, ὅτι εὗρον τὸ πρόβατόν μου τὸ ἀπολωλός.
7 Eg segjer dykk: Soleis er det gleda i himmelen yver ein syndar som vender um, meir enn yver ni og nitti rettferdige som ikkje treng umvending.
λέγω ὑμῖν ὅτι οὕτως χαρὰ ἐν τῷ οὐρανῷ ἔσται ἐπὶ ἑνὶ ἁμαρτωλῷ μετανοοῦντι ἢ ἐπὶ ἐνενήκοντα ἐννέα δικαίοις οἵτινες οὐ χρείαν ἔχουσιν μετανοίας.
8 Eller um ei kvinna hev ti sylvpeningar, og misser ein av deim, kveikjer ho’kje då ljos og sopar huset og leitar trottugt, til dess ho finn honom?
Ἢ τίς γυνὴ δραχμὰς ἔχουσα δέκα, ἐὰν ἀπολέσῃ δραχμὴν μίαν, οὐχὶ ἅπτει λύχνον καὶ σαροῖ τὴν οἰκίαν καὶ ζητεῖ ἐπιμελῶς ἕως οὗ εὕρῃ;
9 Og når ho hev funne honom, kallar ho i hop vener og grannkonor og segjer: «Gled dykk med meg! Eg hev funne peningen eg hadde mist.»
καὶ εὑροῦσα συνκαλεῖ τὰς φίλας καὶ γείτονας λέγουσα Συνχάρητέ μοι, ὅτι εὗρον τὴν δραχμὴν ἣν ἀπώλεσα.
10 Soleis, segjer eg dykk, vert det gleda på Guds englar yver ein syndar som vender um.»
οὕτως, λέγω ὑμῖν, γίνεται χαρὰ ἐνώπιον τῶν ἀγγέλων τοῦ Θεοῦ ἐπὶ ἑνὶ ἁμαρτωλῷ μετανοοῦντι.
11 So sagde han: «Det var ein gong ein mann som hadde tvo søner.
Εἶπεν δέ Ἄνθρωπός τις εἶχεν δύο υἱούς.
12 Den yngste av deim sagde til faren: «Far, lat meg få den luten av buet som fell på meg!» So skifte han midelen millom deim.
καὶ εἶπεν ὁ νεώτερος αὐτῶν τῷ πατρί Πάτερ, δός μοι τὸ ἐπιβάλλον μέρος τῆς οὐσίας. ὁ δὲ διεῖλεν αὐτοῖς τὸν βίον.
13 Det var’kje mange dagarne lidne, so samla den yngste sonen alt sitt og for langt burt til eit anna land. Der gav han seg i ulivnad, og øydde upp det han åtte.
καὶ μετ’ οὐ πολλὰς ἡμέρας συναγαγὼν πάντα ὁ νεώτερος υἱὸς ἀπεδήμησεν εἰς χώραν μακράν, καὶ ἐκεῖ διεσκόρπισεν τὴν οὐσίαν αὐτοῦ ζῶν ἀσώτως.
14 Då han hadde sett til alt, vart det uår og svolt der i landet, og han tok til å lida naud.
δαπανήσαντος δὲ αὐτοῦ πάντα ἐγένετο λιμὸς ἰσχυρὰ κατὰ τὴν χώραν ἐκείνην, καὶ αὐτὸς ἤρξατο ὑστερεῖσθαι.
15 So tydde han seg til ein av mennerne i landet, og han sende honom ut på markerne sine; der skulde han gjæta svin.
καὶ πορευθεὶς ἐκολλήθη ἑνὶ τῶν πολιτῶν τῆς χώρας ἐκείνης, καὶ ἔπεμψεν αὐτὸν εἰς τοὺς ἀγροὺς αὐτοῦ βόσκειν χοίρους·
16 Og han var huga til å fylla buken sin med skolmerne som svini åt av, og ingen gav honom noko.
καὶ ἐπεθύμει γεμίσαι τὴν κοιλίαν αὐτοῦ ἐκ τῶν κερατίων ὧν ἤσθιον οἱ χοῖροι, καὶ οὐδεὶς ἐδίδου αὐτῷ.
17 Då gjekk han i seg sjølv og sagde: «Kor mange leigekarar heime hjå far min hev ikkje fullt upp av mat, med eg held på å svelta i hel her!
εἰς ἑαυτὸν δὲ ἐλθὼν ἔφη Πόσοι μίσθιοι τοῦ πατρός μου περισσεύονται ἄρτων, ἐγὼ δὲ λιμῷ ὧδε ἀπόλλυμαι.
18 Eg vil taka i veg og ganga heim til far min og segja til honom: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg!
ἀναστὰς πορεύσομαι πρὸς τὸν πατέρα μου καὶ ἐρῶ αὐτῷ Πάτερ, ἥμαρτον εἰς τὸν οὐρανὸν καὶ ἐνώπιόν σου,
19 Eg er’kje verd å kallast son din lenger; lat meg få vera som ein av leigekararne dine!»»
οὐκέτι εἰμὶ ἄξιος κληθῆναι υἱός σου· ποίησόν με ὡς ἕνα τῶν μισθίων σου.
20 So tok han i vegen og gjekk heim til far sin. Med han endå var langt burte, vart far hans var honom, og ynkast inderleg; han sprang imot honom og kasta seg um halsen på honom og kysste honom.
καὶ ἀναστὰς ἦλθεν πρὸς τὸν πατέρα ἑαυτοῦ. ἔτι δὲ αὐτοῦ μακρὰν ἀπέχοντος εἶδεν αὐτὸν ὁ πατὴρ αὐτοῦ καὶ ἐσπλαγχνίσθη, καὶ δραμὼν ἐπέπεσεν ἐπὶ τὸν τράχηλον αὐτοῦ καὶ κατεφίλησεν αὐτόν.
21 Og sonen sagde: «Far, eg hev synda mot himmelen og mot deg; eg er ikkje verd å kallast son din lenger!»
εἶπεν δὲ ὁ υἱὸς αὐτῷ Πάτερ, ἥμαρτον εἰς τὸν οὐρανὸν καὶ ἐνώπιόν σου, οὐκέτι εἰμὶ ἄξιος κληθῆναι υἱός σου.
22 Men faren sagde til tenararne sine: «Kom snøgt med ein klædning, den gildaste her er, og hav på honom, og lat han få ring på fingeren og skor på føterne!
εἶπεν δὲ ὁ πατὴρ πρὸς τοὺς δούλους αὐτοῦ Ταχὺ ἐξενέγκατε στολὴν τὴν πρώτην καὶ ἐνδύσατε αὐτόν, καὶ δότε δακτύλιον εἰς τὴν χεῖρα αὐτοῦ καὶ ὑποδήματα εἰς τοὺς πόδας,
23 Henta so den gjødde kalven, og slagta honom, so vil me halda måltid og vera glade!
καὶ φέρετε τὸν μόσχον τὸν σιτευτόν, θύσατε, καὶ φαγόντες εὐφρανθῶμεν,
24 For denne sonen min var daud og hev livna upp att, var burtkomen og er attfunnen.» So tok dei til å halda gaman.
ὅτι οὗτος ὁ υἱός μου νεκρὸς ἦν καὶ ἀνέζησεν, ἦν ἀπολωλὼς καὶ εὑρέθη. καὶ ἤρξαντο εὐφραίνεσθαι.
25 Den eldste sonen var utpå marki. Då han gjekk heimetter og kom burtimot huset, høyrde han spel og dans.
ἦν δὲ ὁ υἱὸς αὐτοῦ ὁ πρεσβύτερος ἐν ἀγρῷ· καὶ ὡς ἐρχόμενος ἤγγισεν τῇ οἰκίᾳ, ἤκουσεν συμφωνίας καὶ χορῶν,
26 Han ropa på ein av drengjerne, og spurde kva det skulde tyda.
καὶ προσκαλεσάμενος ἕνα τῶν παίδων ἐπυνθάνετο τί ἂν εἴη ταῦτα.
27 «Bror din er komen, » svara drengen, «og far din hev slagta den gjødde kalven, for di han fekk honom frisk heim att.
ὁ δὲ εἶπεν αὐτῷ ὅτι Ὁ ἀδελφός σου ἥκει, καὶ ἔθυσεν ὁ πατήρ σου τὸν μόσχον τὸν σιτευτόν, ὅτι ὑγιαίνοντα αὐτὸν ἀπέλαβεν.
28 Då vart han harm og vilde ikkje ganga inn. Far hans kom ut og tala blidt til honom;
ὠργίσθη δὲ καὶ οὐκ ἤθελεν εἰσελθεῖν· ὁ δὲ πατὴρ αὐτοῦ ἐξελθὼν παρεκάλει αὐτόν.
29 men han svara far sin so: «No hev eg tent deg so mange år og aldri gjort imot ditt ord, og meg hev du aldri gjeve so mykje som eit kid, so eg kunde gleda meg i hop med venerne mine.
ὁ δὲ ἀποκριθεὶς εἶπεν τῷ πατρὶ Ἰδοὺ τοσαῦτα ἔτη δουλεύω σοι καὶ οὐδέποτε ἐντολήν σου παρῆλθον, καὶ ἐμοὶ οὐδέποτε ἔδωκας ἔριφον ἵνα μετὰ τῶν φίλων μου εὐφρανθῶ·
30 Men når han kjem denne son din, som hev ete upp midelen din i lag med skjøkjor, då slagtar du gjødkalven åt honom.»
ὅτε δὲ ὁ υἱός σου οὗτος ὁ καταφαγών σου τὸν βίον μετὰ πορνῶν ἦλθεν, ἔθυσας αὐτῷ τὸν σιτευτὸν μόσχον.
31 «Du er allstødt hjå meg, barnet mitt, » svara faren, «og alt som mitt er, er ditt.»
ὁ δὲ εἶπεν αὐτῷ Τέκνον, σὺ πάντοτε μετ’ ἐμοῦ εἶ, καὶ πάντα τὰ ἐμὰ σά ἐστιν·
32 Men no skulde me vera glade og fegne; for denne bror din var daud og hev livna, var burtkomen og er attfunnen!»»
εὐφρανθῆναι δὲ καὶ χαρῆναι ἔδει, ὅτι ὁ ἀδελφός σου οὗτος νεκρὸς ἦν καὶ ἔζησεν, καὶ ἀπολωλὼς καὶ εὑρέθη.

< Lukas 15 >