< Lukas 14 >

1 Ein kviledag hende det, at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisæarane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på honom.
息日,耶穌進了一個法利賽人首領的家中吃飯;他們就留心觀察他。
2 Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vatssotti.
在他面前有一個患水臌症的人。
3 Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige og farisæarane: «Er det rett å lækja um kviledagen, eller er det ikkje?»
耶穌對法學士及法利賽人說道:「安息日不許治病﹖」
4 Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte honom, og let honom ganga.
他們都默然不語。耶穌遂扶著那人,治好他,叫他走了。
5 Og til dei andre sagde han: «Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein kviledag?»
然後向他們說:「你們中間,誰的兒子或牛掉在井裏,在安息日這一天,不立拉上來呢﹖」
6 Men dei var’kje god til å svara honom noko på det.
他們這話不能答辯。
7 Då han gådde korleis gjesterne valde seg ut dei øvste sæti, sagde han deim denne likningi:
耶穌注意到被邀請的人,如何爭選首席,便對他們講了一個比喻說:「
8 «Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden,
幾時你被人請去赴婚筵,不要坐在首席上,怕有比你更尊貴的客也被他請來,
9 og at den som hadde bede dykk båe, kom og sagde til deg: «Gjev rom åt denne mannen!» og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst.
那請你而又請他的人要來向你說:請讓坐給這個人! 那時,你就要含羞地去坐末席了。
10 Nei, når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: «Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle deim som sit til bords med deg.
你幾時被請,應去坐末席,等那請你的人走來給你說: 朋友,請上坐罷! 那時,在你同席的眾人面前,你才有光彩。
11 For kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»
因為凡高舉自己的,必被貶抑;凡貶抑自己的,必被高舉。」
12 So sagde han og til den som hadde bede honom åt seg: «Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venerne eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort.
耶穌也向請他的人說:「幾時你設午宴或晚宴,不要請你的朋友、兄弟、親戚及富有的鄰人,怕他們也要回請而還報你。
13 Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde!
但你幾時設宴,要請貧窮的、殘廢的、瘸腿的、瞎眼的人。
14 Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.»
如此,你有福了,因為他們沒有可報答你的;但在義人復活的時候,你必能得到償報。」
15 Ein av dei andre bordgjesterne sagde då han høyrde det: «Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!»
有一個同席的聽了這些話,就向耶穌說: 「將來能在天上的國裏吃飯的,才是有福的! 」
16 Då svara han: «Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod, og bad mange.
耶穌給他說: 「有一個人設了盛宴,邀請了許多人。
17 Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: «Kom! No er det ferdigt!»
到了宴會的時刻,他便打發僕人去給被請的人說: 請來罷! 已經齊備了。
18 Då tok dei til å beda seg undan, alle som ein. Den fyrste sagde: «Eg hev kjøpt ein jordveg, og er nøydd til å ganga ut og sjå på honom. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»
眾人開始一致推辭。第一個給他說:我買了一塊田地,必須前去看一看,請你原諒我。
19 Ein annan sagde: «Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva deim. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»
另一個說:我買了五對牛,要去試試牠們,請你原諒我。
20 Endå ein annan mann sagde: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma.»
別的一個說:我才娶了妻,所以不能去。
21 Sveinen kom og sagde det med herren sin. Då vart husbonden harm og sagde til sveinen: «Gakk snøgt ut på gatorne og stræti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte!»
僕人回來這事告訴了主人。家主就生了氣,給僕人說:你快出去,到城中的大街小巷,把那些貧窮的、殘廢的、瞎眼的、瘸腿的,都領到這裏來。
22 Sveinen sagde: «Herre, det er gjort som du sagde, og det er endå rom.»
僕人說:主,已經照你的吩咐辦了,可是還有空位子。
23 «Gakk ut på vegarne og ved gjerdi, » svara herren, «og nøyd deim til å koma inn, so huset mitt vert fullt!
主人對僕人說:你出去,到大道以及籬笆邊,勉強人進來,子坐滿我的屋子。
24 For eg segjer dykk at ingen av dei mennerne som vart bedne, skal smaka min gjestebodskost.»»
我告訴你們:先前被請到的那些人,沒有一個能嘗我這宴席的。」
25 Det fylgde mykje folk med honom, og han snudde seg og sagde til deim:
有許多群眾與耶穌同行,耶穌轉身向他們說:「
26 «Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja, endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein.
如果誰來就我,而不惱恨自己的父親、母親、妻子、兒女、兄弟、姊妹,甚至自己的性命,不能做我的門徒。
27 Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.
不論誰,若不背著自己的十字架,在我後面走,不能做我的門徒。
28 Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han’kje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det.
你們中間誰願意建造一座塔,而不先坐下籌算費用,是否有力完成呢﹖
29 For hev han lagt grunnsteinarne, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det til å gjera narr av honom og segja:
免得他奠基以後,竟不能完工,所有看見的人都要譏笑他,
30 «Den mannen tok til å byggja, og var’kje god til å gjera det ferdigt!»
說這個人開始建造,而不能完工。
31 Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han’kje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund?
或者一個國王要去同別的國王交戰,那有不先坐下運籌一下,能否以一萬人,去抵抗那領著兩萬來攻打他的呢﹖
32 Og kann han ikkje, so gjer han av ei sendeferd og tingar um fred, med hin endå er langt burte.
如果不能,就得趁那國王離得尚遠的時候,派遣使節去求和平的條款。
33 Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein, utan han segjer frå seg alt det han hev.
同樣,你們中不論是誰,如不捨棄他的有一切所,就不能做我的門徒。
34 Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so det kryddast med?
鹽原是好的,但如果鹽也失了味道,要用什麼來調和它呢﹖
35 Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som høyra kann!»
既不利於土壤,又不適於糞料,惟有把它丟在外面。有耳聽的,聽罷! 」

< Lukas 14 >