< 3 Mosebok 11 >

1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde med deim: 2 «Tala til Israels-folket og seg: «Høyr no kva det er for nokre de må eta av alle dei firføtte dyri som liver på jordi: 3 Alle dyr som hev klauver og jortar, deim kann de eta. 4 Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av dei som hev klauver: kamelen, for han jortar, men hev ikkje klauver; han skal vera urein for dykk, 5 og bergtassen, for han og jortar, men hev ingi klauver; han skal vera urein for dykk, 6 og haren, for um han jortar, so hev han ikkje klauver han heller; han skal vera urein for dykk, 7 og svinet, for det hev klauver, men det jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. 8 Kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje røyva deim; dei skal vera ureine for dykk. 9 Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som er i vatnet, i havet og i elvarne, og hev uggar og reist, kann de eta. 10 Men slikt som ikkje hev uggar og reist av alt det som finst i hav eller å, av alt det som yrer i vatnet, alle kvikjende som held til der, det skal vera ein styggedom for dykk. 11 Ein styggedom skal dei vera for dykk; kjøtet deira må de ikkje eta, og er dei daude, so skal de styggjast ved kropparne deira. 12 Alt i vatnet som ikkje hev uggar og reist, skal vera ein styggedom for dykk. 13 Høyr no og kva det er for fuglar de skal hava stygg til og ikkje må eta, av di dei er ufysne: Ørnen og gribben og sjøørnen 14 og glenta og heile falkeætti 15 og alle fuglar av ramneætti 16 og strussen og gauken og måsen og alle haukeslag 17 og kattula og kavfuglen og stunulven 18 og kveldknarren og pelikanen og etslegribben 19 og storken og heidloi med alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja. 20 Alt krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk: 21 Av alt sovore krek må de ikkje eta anna enn det som ovanfor bakføterne hev leggjer til å hoppa på marki med. 22 Av det kann de eta dei slagi som dei kallar fljugaren og slukaren og springaren og sprettaren. 23 Men alt anna krek som hev vengjer og krabbar på marki, skal vera ein styggedom for dykk. 24 No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds, 25 og den som hev bore på slik ein daud kropp, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds -: 26 Alle dyr som hev høver, og ikkje klauver, og som ikkje jortar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim, vert urein. 27 Og alle firføtte dyr som gjeng på labbar, skal vera ureine for dykk; den som kjem nær deim når dei er daude, han er urein alt til kvelds, 28 og den som hev bore på slikt eit daudt dyr, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds. Ureine skal dei vera for dykk. 29 Av alle smådyr som røyver seg på jordi er det fyrst og fremst desse som skal vera ureine for dykk: Røysekatten og musi og alle fjorføtleslag, 30 og bustyvelen og vonden og padda og snigelen og litkvervingen. 31 Deim skal de halda for dei ureinaste av alle smådyr; den som kjem nær deim når dei er daude, er urein alt til kvelds. 32 Og alt det som dei dyri dett ned på når dei daudar, vert ureint, både trekoppar og klæde og skinn og sekkjer og kva det elles er som vert nytta i huset; det skal leggjast i vatn, og er ureint alt til kvelds; sidan er det reint. 33 Dett eit av dyri ned i ein leirkopp, so vert alt det som er i koppen ureint, og han skal slåast sund. 34 All mat som folk et, og som vert tillaga med vatn, og alt drikka som folk drikk, vert ureint, kva kjerald det er i. 35 Alt det som slik ein daud kropp dett ned i, vert ureint; er det ein bakaromn eller ei eisa, so skal dei rivast ned; dei er ureine, og skal vera ureine for dykk. 36 Berre kjeldor og brunnar som det renn vatn åt, er like reine; men den som tek i den daude kroppen som ligg der, vert urein. 37 Dett dyret ned i korn som skal vera til såfrø, so er kornet like reint, 38 men hev dei havt vatn på det, og det so dett slikt eit daudt dyr ned i, so skal kornet vera ureint for dykk. 39 Daudar noko av dei dyri som skal vera til føda for dykk, so er den som kjem nær skrotten deira urein alt til kvelds, 40 den som hev ete av kjøtet deira, lyt två klædi sine, og er urein alt til kvelds, og den som hev bore på den daude skrotten, lyt og två klædi sine og er urein alt til kvelds. 41 Alt kreket som krelar på marki, er ein styggedom, og må ikkje etast. 42 Korkje det som skrid på buken, eller det som gjeng på fire eller fleire føter, må de eta; for det er ufyse. 43 Gjer dykk ikkje sjølve ufysne med noko av det krelande kreket, og sulka dykk ikkje med det, so de vert ureine! 44 Eg, Herren, er dykkar Gud, og de skal helga dykk og vera heilage; for eg er heilag; de skal ikkje sulka dykk sjølve med noko av det kreket som krabbar på marki. 45 Kom i hug: Eg er Herren, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud, og de skal vera heilage; for eg er heilag. 46 Dette er lovi um dyri og fuglarne og alt det livande som leikar i vatnet, og alle dei kvikjende som yrer på jordi, 47 so de kann skilja det reine frå det ureine, og dei dyri som kann etast frå deim, som ikkje må etast.»»

< 3 Mosebok 11 >