< Dommernes 3 >

1 No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennerne som ikkje hadde vore med i nokon av Kana’ans-krigarne -
پس اینانند طوایفی که خداوند واگذاشت تا به واسطه آنها اسرائیل را بیازماید، یعنی جمیع آنانی که همه جنگهای کنعان را ندانسته بودند.۱
2 berre av di han vilde dei komande Israels-ætter skulde få vit på å strida, og vilde læra deim det, deim som ikkje kunde det fyrr.
تا طبقات بنی‌اسرائیل دانشمند شوند وجنگ را به ایشان تعلیم دهد، یعنی آنانی که آن راپیشتر به هیچ وجه نمی دانستند.۲
3 Det var dei fem filistarfyrstarne og alle kananitarne og sidonarane og hevitarne som budde på Libanonfjelli, frå Ba’al-Hermonfjellet til Hamatvegen.
پنج سردارفلسطینیان و جمیع کنعانیان و صیدونیان و حویان که در کوهستان لبنان از کوه بعل حرمون تا مدخل حمات ساکن بودند.۳
4 Deim var det Israel skulde røynast med, so det kunde syna seg um dei vilde lyda Herrens bod, som Moses hadde kunngjort federne deira.
و اینها برای آزمایش بنی‌اسرائیل بودند، تا معلوم شود که آیا احکام خداوند را که به واسطه موسی به پدران ایشان امرفرموده بود، اطاعت خواهند کرد یا نه.۴
5 So budde no Israels-sønerne midt ibland kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne;
پس بنی‌اسرائیل در میان کنعانیان و حتیان و اموریان وفرزیان و حویان و یبوسیان ساکن می‌بودند.۵
6 dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønerne deira, og dyrka gudarne deira.
دختران ایشان را برای خود به زنی می‌گرفتند، ودختران خود را به پسران ایشان می‌دادند، وخدایان آنها را عبادت می‌نمودند.۶
7 Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren, sin Gud, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti.
و بنی‌اسرائیل آنچه در نظر خداوند ناپسندبود، کردند، و یهوه خدای خود را فراموش نموده، بعلها و بتها را عبادت کردند.۷
8 Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne; han slepte deim i henderne på Kusan-Risatajim, kongen i Aram-Naharajim, og Israel laut tena Kusan-Risatajim i åtte år.
و غضب خداوند بر اسرائیل افروخته شده، ایشان را به‌دست کوشان رشعتایم، پادشاه ارام نهرین، فروخت، و بنی‌اسرائیل کوشان رشعتایم را هشت سال بندگی کردند.۸
9 Då ropa Israels-sønerne til Herren, og Herren let ein hjelparmann standa fram hjå deim og hjelpa deim; det var Otniel, son åt Kenaz, Kalebs yngre bror.
و چون بنی‌اسرائیل نزدخداوند فریاد کردند، خداوند برای بنی‌اسرائیل نجات‌دهنده‌ای یعنی عتنئیل بن قناز برادر کوچک کالیب را برپا داشت، و او ایشان را نجات داد.۹
10 Herrens Ande kom yver honom, og han tok styringi i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risatajim, Aram-kongen, i henderne hans; han vann yver Kusan-Risatajim,
وروح خداوند بر او نازل شد پس بنی‌اسرائیل راداوری کرد، و برای جنگ بیرون رفت، و خداوندکوشان رشعتایم، پادشاه ارام را به‌دست او تسلیم کرد، و دستش بر کوشان رشعتایم مستولی گشت.۱۰
11 og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenaz.
و زمین چهل سال آرامی یافت. پس عتنئیل بن قناز مرد.۱۱
12 Men Israels-sønerne gjorde på nytt det som var Herren imot, og Herren gav Eglon, Moabs-kongen, magt yver deim, for di dei gjorde det som var Herren imot.
و بنی‌اسرائیل بار دیگر در نظر خداوندبدی کردند، و خداوند عجلون، پادشاه موآب رابر اسرائیل مستولی ساخت، زیرا که در نظرخداوند شرارت ورزیده بودند.۱۲
13 Eglon fekk med seg Ammons-sønerne og amalekitarne; so drog han ut, og slo Israel, og dei tok Palmestaden.
و او بنی عمون و عمالیق را نزد خود جمع کرده، آمد، وبنی‌اسرائیل را شکست داد، و ایشان شهرنخلستان را گرفتند.۱۳
14 Israels-sønerne laut tena Eglon, Moabs-kongen, i attan år.
و بنی‌اسرائیل عجلون، پادشاه موآب را هجده سال بندگی کردند.۱۴
15 Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-sønerne sende Ehud med gåvor til Eglon, kongen i Moab.
و چون بنی‌اسرائیل نزد خداوند فریادبرآوردند، خداوند برای ایشان نجات‌دهنده‌ای یعنی‌ایهود بن جیرای بنیامینی را که مردچپ دستی بود، برپا داشت، و بنی‌اسرائیل به‌دست او برای عجلون، پادشاه موآب، ارمغانی فرستادند.۱۵
16 Då gjorde han seg eit sverd som var tvieggja og ei aln langt, og spente det på seg under klædi sine, på høgre sida;
و ایهود خنجر دودمی که طولش یک ذراع بود، برای خود ساخت و آن را در زیرجامه بر ران راست خود بست.۱۶
17 so førde han gåvorne fram til Eglon, Moabs-kongen. Eglon var ein ovtjukk mann.
و ارمغان را نزدعجلون، پادشاه موآب عرضه داشت. و عجلون مرد بسیار فربهی بود.۱۷
18 Då Ehud hadde greidt frå seg gåvorne, let han folki som hadde bore deim fara heim att;
و چون از عرضه داشتن ارمغان فارغ شد، آنانی را که ارمغان را آورده بودند، روانه نمود.۱۸
19 men sjølv snudde han um ved gudebilæti som stod innmed Gilgal, og for attende og sagde: «Eg hev eit løyndarbod til deg, konge!» «Hyss, » sagde kongen: Då gjekk dei ut alle deim som stod kringom honom.
و خودش از معدنهای سنگ که نزد جلجال بود، برگشته، گفت: «ای پادشاه سخنی مخفی برای تو دارم.» گفت: «ساکت باش.» و جمیع حاضران از پیش او بیرون رفتند.۱۹
20 Som han no sat åleine i den svale høgstova si, gjekk Ehud fram for honom og sagde: «Eg hev eit bod til deg frå Gud!» Då reiste han seg av stolen.
و ایهود نزد وی داخل شد و او بتنهایی در بالاخانه تابستانی خود می‌نشست. ایهود گفت: «کلامی از خدا برای تو دارم.» پس از کرسی خودبرخاست.۲۰
21 Og Ehud rette ut vinstre handi, og greip sverdet han bar ved høgre sida, og rende det i livet på honom,
و ایهود دست چپ خود را دراز کرده، خنجر را از ران راست خویش کشید و آن را در شکمش فرو برد.۲۱
22 so handtaket for med inn etter bladet; og feittet gjekk i hop att kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans. So gjekk han ut i svali.
و دسته آن با تیغه‌اش نیز فرو رفت و پیه، تیغه را پوشانید زیرا که خنجررا از شکمش بیرون نکشید و به فضلات رسید.۲۲
23 Då Ehud var komen ut i svalgangen, let han høgelofts-døri att etter seg, og stengde henne vel,
و ایهود به دهلیز بیرون رفته، درهای بالاخانه رابر وی بسته، قفل کرد.۲۳
24 og so gjekk han sin veg. Straks etter kom tenarane, men då dei såg at døri var læst, sagde dei: «Han er visst for seg sjølv i svalkammerset!»
و چون او رفته بود، نوکرانش آمده، دیدندکه اینک درهای بالاخانه قفل است. گفتند، یقین پایهای خود را در غرفه تابستانی می‌پوشاند.۲۴
25 Dei venta til dei var reint leide av seg; men han let ikkje upp døri til høgeloftet. So tok dei lykelen, og let upp; då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.
وانتظار کشیدند تا خجل شدند، و چون او درهای بالاخانه را نگشود پس کلید را گرفته، آن را بازکردند، و اینک آقای ایشان بر زمین مرده افتاده بود.۲۵
26 Medan dei tøvra, slapp Ehud undan, og for framum gudebilæti, og nådde Se’ira.
و چون ایشان معطل می‌شدند، ایهود به دررفت و از معدنهای سنگ گذشته، به سعیرت به سلامت رسید.۲۶
27 Då han kom til Efraimsheidi, bles han i luren; då for Israels-sønerne med han ned av heidi, og han gjekk fyre.
و چون داخل آنجا شد کرنا رادر کوهستان افرایم نواخت و بنی‌اسرائیل همراهش از کوه به زیر آمدند، و او پیش روی ایشان بود.۲۷
28 «Skunda dykk etter meg!» sagde han: «For Herren hev gjeve fiendarne, moabitarne, i henderne dykkar.» So fylgde dei honom ned til Jordan, og stengde vadi for moabitarne, og let ingen sleppa yver.
و به ایشان گفت: «از عقب من بیاییدزیرا خداوند، موآبیان، دشمنان شما را به‌دست شما تسلیم کرده است.» پس از عقب او فرودشده، معبرهای اردن را پیش روی موآبیان گرفتند، و نگذاشتند که احدی عبور کند.۲۸
29 Den gongen felte dei ikring ti tusund moabitar, som alle var sterke og djerve menner; ikkje ein kom seg undan.
و درآن وقت به قدر ده هزار نفر از موآبیان را، یعنی هرزورآور و مرد جنگی را کشتند و کسی رهایی نیافت.۲۹
30 Moab laut den dagen bøygja seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtteti år.
و در آن روز موآبیان زیر دست اسرائیل ذلیل شدند، و زمین هشتاد سال آرامی یافت.۳۰
31 Etter Ehud kom Samgar, son åt Anat. Han felte seks hundrad mann av filistarane, med piggstaven som han dreiv uksarne med; han og berga Israel.
و بعد از او شمجر بن عنات بود که ششصدنفر از فلسطینیان را با چوب گاورانی کشت، و اونیز اسرائیل را نجات داد.۳۱

< Dommernes 3 >