< Dommernes 2 >

1 Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sagde: «Eg henta dykk ut or Egyptarland, og fylgde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sagde: «Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk, 2 og de skal ikkje gjera samband med deim som bur her i landet; de skal riva ned altari deira!» Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de’kje det? 3 So segjer eg dykk: Eg vil ikkje driva deim burt for dykk; dei skal vera til broddar i sidorne dykkar, og gudarne deira skal verta ei snara for dykk.» 4 Soleis tala Herrens engel til alle Israels-sønerne. Då gret folket høgt; 5 difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra deim til Herren. 6 Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-sønerne var farne heim, kvar til sin odel, for å eigna til seg landet, 7 då tente folket Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til, som livde etter Josva, og hadde set alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel. 8 Men då Josva Nunsson, Herrens tenar, var slokna, hundrad og ti år gamall, 9 og dei hadde gravlagt honom på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres i Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell, 10 og då heile den ætti var fari til federne sine, og det stod fram ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel, 11 då gjorde Israels-sønerne det som var Herrens imot, og dyrka Ba’als-bilæti; 12 dei vende seg frå Herren, sin fedregud, som hadde ført deim ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar, gudarne åt grannefolki, og låg på kne for deim, og arga Herren; 13 dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bilæti. 14 Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne. 15 Kvar dei for fram, var Herrens hand imot deim, so det gjekk deim ille, som Herren hadde sagt deim, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud. 16 Då vekte Herren upp domarar, som berga deim frå røvararne. 17 Men dei lydde ikkje domarane sine heller, og heldt seg med andre gudar, og låg på kne for deim; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse. 18 Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom deim, so var Herren med domaren, og berga deim frå uvenerne deira so lenge domaren livde; for Herren ynkast yver deim når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka. 19 Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att, og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar, og dyrka deim, og bad til deim; dei lagde’kje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si tråssuge framferd. 20 Då vart Herren harm på Israel, og han sagde: «For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord, 21 so vil ikkje eg heller hjelpa deim meir, og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde; 22 med deim skal Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på deim, som federne deira gjorde.» 23 Soleis var det Herren let desse folki få vera, og ikkje straks dreiv deim ut, og ikkje gav deim i Josvas hender.

< Dommernes 2 >