< Dommernes 15 >

1 Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det. 2 «Eg tenkte so visst at du ikkje lika henne meir, » sagde faren, «og so gav eg henne til brursveinen din. Kann du’kje taka den yngre systeri i staden? ho er då mykje vænare!» 3 Då sagde Samson: «Denne gongen er eg saklaus, um eg gjer filistarane vondt!» 4 Han gjekk av og fanga tri hundrad revar, fann seg tyrespikar, snudde reverovarne i hop mot kvarandre, tvo og tvo, og feste ei spik millom kvart rovepar. 5 So kveikte han eld i spikarne, og slepte revarne inn på åkrane åt filistarane. Soleis brende han upp alt kornet dei hadde ute, både skore og uskore, og alle vinhagar og oljetre. 6 Då spurde filistarane: «Kven hev gjort dette?» «Samson, mågen åt Timna-mannen, » vart det svara. «Det var for di verfaren hadde teke kona hans og gjeve til brursveinen.» So for filistarane derupp, og brende inne både kona og far hennar. 7 Då sagde Samson til deim: «Fer de soleis åt, so skal eg visst ikkje kvila fyrr eg fær hemnt meg på dykk.» 8 So slo han deim so dei stupte i kross og i krok, og det vart eit stort mannefall på deim. Sidan for han ned til Etamdjuvet, og gav seg til der. 9 Då kom filistarane upp i Judafylket, og lægra seg der, og spreidde seg utyver i Lehi. 10 Og Juda-mennerne sagde: «Kvi kjem de hit og tek på oss?» «Me vil binda Samson og gjera like eins mot honom som han hev gjort mot oss, » svara dei. 11 So for tri tusund mann av Juda-ætti ned til Etamdjuvet, og sagde til Samson: «Veit du’kje at filistarane råder her i landet? Kvi hev du då gjort oss dette?» «Som dei gjorde mot meg, so hev eg gjort mot deim, » svara han. 12 Då sagde dei: «Me er komne hit for å binda deg og gjeva deg i henderne på filistarane.» «Lova meg at ikkje de vil slå meg i hel!» sagde Samson. 13 «Nei, me vil berre binda deg og gjeve deg i henderne deira; me vil ikkje drepa deg, » svara dei. So batt dei honom med tvo nye reip, og førde honom upp or djuvet. 14 Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna. 15 So fann han eit friskt kjakebein av eit asen; det greip han og slo i hel tusund mann med det. 16 Då kvad han: «Med asenkjaken eg ein hop og tvo, med asenkjaken tusund mann eg slo.» 17 Då han hadde kvede dette, kasta han kjakebeinet frå seg, og sidan hev dei kalla den staden Kjakebeinshaugen. 18 Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?» 19 Då opna Gud den hola som er i Lehi, og det rann vatn utor henne, so han fekk drikka; då rådde han atti, og kvikna til. Difor kalla dei den kjelda Roparkjelda; ho er endå i Lehi. 20 Samson styrde Israel i tjuge år; det var i filistartidi.

< Dommernes 15 >