< Dommernes 14 >

1 Ein gong bar det so til at Samson gjekk ned til Timna; der fekk han sjå ei filistargjenta.
Descendit ergo Samson in Thamnatha: vidensque ibi mulierem de filiabus Philisthiim,
2 Då han kom heim att, sagde han det med far sin og mor si: «Eg såg ei filistargjenta i Timna; henne lyt de festa til kona åt meg!»
ascendit, et nuntiavit patri suo et matri suæ, dicens: Vidi mulierem in Thamnatha de filiabus Philisthinorum: quam quæso ut mihi accipiatis uxorem.
3 Då sagde foreldri hans til honom: «Finst det då ingi gjenta hjå frendarne dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane?» Men Samson svara far sin: «Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.»
Cui dixerunt pater et mater sua: Numquid non est mulier in filiabus fratrum tuorum, et in omni populo meo, quia vis accipere uxorem de Philisthiim, qui incircumcisi sunt? Dixitque Samson ad patrem suum: Hanc mihi accipe: quia placuit oculis meis.
4 Foreldri hans skyna ikkje at dette kom frå Herren; for han søkte eit høve til å koma innpå filistarane - den gongen rådde filistarane i Israel.
Parentes autem ejus nesciebant quod res a Domino fieret, et quæreret occasionem contra Philisthiim: eo enim tempore Philisthiim dominabantur Israëli.
5 So gjekk Samson og foreldri hans ned til Timna. Då dei kom til vinhagarne utanfor byen, for ei ung løva burande imot honom;
Descendit itaque Samson cum patre suo et matre in Thamnatha. Cumque venissent ad vineas oppidi, apparuit catulus leonis sævus, et rugiens, et occurrit ei.
6 då kom Herrens ande yver honom, og han tok løva, og sleit henne sund med berre nevarne, som det skulde vore eit kid; men han sagde’kje med foreldri sine kva han hadde gjort.
Irruit autem spiritus Domini in Samson, et dilaceravit leonem, quasi hædum in frustra discerpens, nihil omnino habens in manu: et hoc patri et matri noluit indicare.
7 So gjekk han ned og tala med gjenta; og han lika henne framifrå godt.
Descenditque, et locutus est mulieri quæ placuerat oculis ejus.
8 Um ei tid for han ned att og vilde gifta seg med henne. So tok han av vegen, vilde sjå løva som han hadde drepe; då fann han eit biebol med honning i skrovet hennar.
Et post aliquot dies revertens ut acciperet eam, declinavit ut videret cadaver leonis, et ecce examen apum in ore leonis erat ac favus mellis.
9 Han tok honningen ut, og heldt honom i henderne og åt, med han gjekk frametter, og då han kom til foreldri sine, gav han dei og, og dei åt; men han sagde det ikkje med deim at han hadde funne honningen i løveskrovet.
Quem cum sumpsisset in manibus comedebat in via: veniensque ad patrem suum et matrem, dedit eis partem, qui et ipsi comederunt: nec tamen eis voluit indicare quod mel de corpore leonis assumpserat.
10 Då far hans kom ned til bruri, gjorde Samson eit gjestebod der, som dei unge mennerne hadde for vis.
Descendit itaque pater ejus ad mulierem, et fecit filio suo Samson convivium: sic enim juvenes facere consueverant.
11 Og so snart dei fekk sjå honom, fann dei honom tretti fylgjesmenner; dei var stødt med honom,
Cum ergo cives loci illius vidissent eum, dederunt ei sodales triginta ut essent cum eo.
12 og ein dag sagde Samson til deim: «No vil eg bjoda dykk ei gåta! Løyser de henne åt meg innan dei sju gjestebodsdagarne er ute, og løyser de henne rett, so skal eg gjeva dykk tretti fine skjortor og tretti festklædningar;
Quibus locutus est Samson: Proponam vobis problema: quod si solveritis mihi intra septem dies convivii, dabo vobis triginta sindones, et totidem tunicas:
13 men kann de ikkje løysa henne, skal de gjeva meg tretti fine skjortor og tretti festklædningar.» «Seg fram gåta di, so me fær høyra henne!» svara dei.
sin autem non potueritis solvere, vos dabitis mihi triginta sindones, et ejusdem numeri tunicas. Qui responderunt ei: Propone problema, ut audiamus.
14 Då sagde han: «Av ein etar kom etand’, av den sterke kom søtt.» So leid det tri dagar, og dei var ikkje god til å løysa gåta.
Dixitque eis: [De comedente exivit cibus, et de forti egressa est dulcedo.] Nec potuerunt per tres dies propositionem solvere.
15 Den sjuande dagen sagde dei til bruri: «Få mannen din til å segja oss løysningi på gåta, elles brenner me upp både deg og folket ditt! Er det for å arma oss ut at de hev bede oss hit?»
Cumque adesset dies septimus, dixerunt ad uxorem Samson: Blandire viro tuo et suade ei ut indicet tibi quid significet problema: quod si facere nolueris, incendemus te, et domum patris tui: an idcirco vocastis nos ad nuptias ut spoliaretis?
16 Då gret bruri framfyre honom, og sagde: «Du held ikkje av meg! Du berre hatar meg! Du hev bode landsmennerne mine ei gåta, men meg hev du ikkje sagt korleis ho skal løysast!» «Eg hev’kje sagt det med far min og mor mi; skulde eg so segja det med deg?» svara Samson.
Quæ fundebat apud Samson lacrimas, et quærebatur, dicens: Odisti me, et non diligis: idcirco problema, quod proposuisti filiis populi mei, non vis mihi exponere. At ille respondit: Patri meo et matri nolui dicere: et tibi indicare potero?
17 Men ho hekk yver honom og gret alle dei sju dagarne som gjestebodet varde, og den sjuande dagen sagde han det med henne, av di ho plåga honom so. So løyste ho gåta for landsmennerne sine,
Septem igitur diebus convivii flebat ante eum: tandemque die septimo cum ei esset molesta, exposuit. Quæ statim indicavit civibus suis.
18 og fyrr soli gladde den sjuande dagen, kom mennerne i byen og sagde til honom: «Kva er søtar’ enn honning? Kva er sterkar’ enn løva?» Då svara Samson: «Hadde de’kje pløgt med mi kviga, so hadde de’kje løyst mi gåta.»
Et illi dixerunt ei die septimo ante solis occubitum: [Quid dulcius melle, et quid fortius leone?] Qui ait ad eos: [Si non arassetis in vitula mea, non invenissetis propositionem meam.]
19 Og Herrens ande kom yver honom; han gjekk ned til Askalon, og slo i hel tretti filistarar, tok klædi deira, og let deim som hadde løyst gåta få deim til høgtidsklede; og harm som han var, for han heim att til garden åt far sin.
Irruit itaque in eum spiritus Domini, descenditque Ascalonem, et percussit ibi triginta viros: quorum ablatas vestes dedit iis qui problema solverant. Iratusque nimis ascendit in domum patris sui:
20 Men kona hans vart gjevi til den fylgjesmannen, som han hadde valt seg til brursvein.
uxor autem ejus accepit maritum unum de amicis ejus et pronubis.

< Dommernes 14 >