< Josvas 21 >

1 Medan dei var i Silo i Kana’ans-landet, gjekk ættefederne åt levitarne gjekk fram for Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og ættefederne åt Israels-sønerne, 2 og tala soleis til deim: «Moses kom med det bodet frå Herren at me skulde få byar til å bu i, med bumark ikring åt feet vårt.» 3 Og Israels-sønerne gjorde som Herren hadde sagt, og gav levitarne av sitt eige land dei byarne me snart skal nemna, med bumarki som låg ikring. 4 Då dei no drog strå, fall den fyrste luten på Kahats-sønerne; dei levitarne som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk trettan byar hjå Juda-ætti og Simeons-ætti og Benjamins-ætti, 5 og dei andre Kahats-sønerne fekk for sin lut ti byar hjå Efraims ættgreiner og Dans-ætti og den eine helvti av Manasse-ætti. 6 Gersons-sønerne fekk for sin lut trettan byar hjå Issakars ættgreiner og Assers-ætti og Naftali-ætti og den helvti av Manasse-ætti som var i Basan. 7 Merari-borni og ættgreinerne deira fekk tolv byar hjå Rubens-ætti og Gads-ætti og Sebulons-ætti. 8 Desse byarne, med bumarki som høyrde til, gav Israels-sønerne åt levitarne, soleis som Moses hadde sagt dei frå Herren, og let dei draga strå um deim. 9 I Judafylket og Simeonsfylket gav dei frå seg dei byarne som me no skal nemna ein for ein: 10 det var Arons-sønerne av Levi-ætti, Kahat-greini, som fekk dei; for deim fall den fyrste luten på. 11 Dei gav deim den byen på Judafjellet som heitte etter Arba, ættefaren åt anakitarne, og som me no kallar Hebron, med bumarki som låg rundt ikring; 12 men åkerlandet og gardarne som høyrde til byen, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eiga. 13 Dei som var ætta frå Aron, øvstepresten, fekk i desse tvo fylki både Hebron, som var fristad for dråpsmenner, og Libna 14 og Jattir og Estemoa 15 og Holon og Debir 16 og Ajin og Jutta og Bet-Semes, ni byar, med bumarki som høyrde til, 17 og i Benjaminsfylket Gibeon og Geba 18 og Anatot og Almon, fire byar, med bumarki som høyrde til. 19 Soleis fekk Arons-sønerne, prestarne, i alt trettan byar med bumark attåt. 20 No skal me nemna dei byarne som fall på dei andre Kahats-sønerne, dei levitiske Kahats-ætterne: Dei fekk i Efraimsfylket 21 Sikem, som var fristad for dråpsmenner, på Efraimsfjellet, og Gezer 22 og Kibsajim og Bet-Horon, fire byar, med bumarki som høyrde til, 23 og i Dansfylket Elteke og Gibbeton 24 og Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar, med bumarki som høyrde til, 25 og i det eine halve Manassefylket Ta’anak og Gat-Rimmon, tvo byar, med bumarki som høyrde til. 26 Det var i alt ti byar med bumark attåt som dei hine greinerne av Kahats-ætti fekk. 27 Levitarne av Gersons-greini fekk i det andre halve Manassefylket Golan i Basan, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Be’estera, tvo byar, med bumarki som høyrde til, 28 og i Issakarsfylket Kisjon og Daberat, 29 Jarmut og En-Gannim, fire byar, med bumarki som høyrde til, 30 og i Assersfylket Misal og Abdon 31 og Helkat og Rehob, fire byar, med bumarki som høyrde til, 32 og i Naftalifylket Kedes i Galilæa, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Hammot-Dor og Kartan, tri byar, med bumarki som høyrde til. 33 Soleis fekk gersonitarne og ættgreinerne deira i alt trettan byar med bumark attåt. 34 Dei som var att av levitarne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira, fekk i Sebulonsfylket Jokneam og Karta 35 og Dimna og Nahalal, fire byar, med bumarki som høyrde til, 36 og i Rubensfylket Beser og Jahsa, 37 Kedemot og Mefa’at, fire byar, med bumarki som høyrde til, 38 og i Gadsfylket Ramot i Gilead, ein av fristaderne for dråpsmenner, og Mahanajim 39 og Hesbon og Jaser, fire byar, med bumarki som høyrde til. 40 Det var i alt tolv byar som fall på dei siste Levi-ætterne, Merari-sønerne og ættgreinerne deira. 41 Alt i alt fekk levitarne i odelslandet åt Israels-sønerne åtte og fyrti byar, med bumark attåt. 42 Desse byarne hadde kvar si bumark ikring seg; so var det med deim alle. 43 Soleis gav Herren Israel heile det landet som han hadde lova at han vilde gjeva federne deira, og dei eigna det til seg og vart buande der. 44 Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender. 45 Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.

< Josvas 21 >