< Josvas 14 >

1 No skal me nemna dei bygderne som Israels-sønerne fekk til odel og eiga i Kana’ans-landet, og som Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver Israels-ætterne luta ut åt deim, 2 og let deim draga strå um, soleis som Moses hadde sagt deim frå Herren. Det var halvtiande ætt som då fekk land; 3 for halvtridje ætt hadde Moses gjeve land på hi sida Jordan, men levitarne hadde han ikkje gjeve noko odelsland millom deim. 4 Josefs-sønerne var tvo ætter, Manasse og Efraim; og levitarne fekk ingen lut i landet, anna enn nokre byar til å bu i, med bumark åt feet og bølingarne deira. 5 Som Herren hadde sagt Moses fyre, so gjorde Israels-sønerne, og skifte landet. 6 Då gjekk Juda-sønerne fram for Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti sagde til honom: «Du veit kva Herren sagde med Moses, gudsmannen, um meg og deg, då me var i Kades-Barnea. 7 Eg var fyrti år gamall då Moses, Herrens tenar, sende meg ut frå Kades-Barnea til å njosna i landet, og då eg kom attende, sagde eg frå um alt, som eg best skyna det. 8 Felagerne mine, som hadde vore med meg, skræmde folket so dei vart modlause, men eg heldt meg trutt etter Herren, min Gud. 9 Og same dagen lyste Moses desse ordi: «Det landet du hev vore i, skal sant og visst høyra deg og borni dine til i all æva, for di du heldt deg so trutt etter Herren, min Gud.» 10 Og no ser du at Herren hev gjort som han lova! Han hev late meg liva fem og fyrti år sidan han tala desse ordi til Moses, all den tid som Israel ferdast i øydemarki, og no er eg fem år på femte tjuget. 11 Endå er eg likso sterk som eg var den dagen Moses sende meg ut, og likso før både til strid og til mitt daglege yrke. 12 So lat meg no få denne fjellbygdi, som Herren tala um den gongen; du høyrde sjølv på det. Der bur anakitarne, og der er store byar med høge murar ikring. Men eg trur visst Herren vil vel vera med meg, so eg fær slege deim under meg, soleis som han hev sagt.» 13 Då gav Josva Kaleb Jefunneson Hebron til odel og eiga, og ynskte lukka til. 14 Soleis var det Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti fekk Hebron, og sidan hev den eigedomen fylgt ætti hans alt til denne dag, for di han heldt seg so trutt etter Herren, Israels Gud. 15 Hebron heitte fyrr Arbabyen, etter den største mannen millom anakitarne. Då var det ende på ufreden, og landet fekk ro.

< Josvas 14 >