< Johannes 8 >

1 Jesus gjekk til Oljeberget. 2 Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim. 3 Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom 4 og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor. 5 Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?» 6 Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki. 7 Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!» 8 So lutte han seg ned att, og skreiv på marki. 9 Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der. 10 Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?» 11 «Ingen, Herre, » svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller, » sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!» 12 So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.» 13 Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.» 14 Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. 15 De dømer etter kjøtet, eg dømer ingen; 16 men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman. 17 Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter. 18 Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.» 19 «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.» 20 Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi. 21 Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.» 22 «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»» 23 Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi; 24 difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.» 25 «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus. 26 «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.» 27 Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um. 28 Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det. 29 Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.» 30 Då han tala so, trudde mange på honom. 31 So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine, 32 og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.» 33 «Me er Abrahams ætt, » lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»» 34 Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi. 35 Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid. (aiōn g165) 36 Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie. 37 Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk. 38 Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.» 39 «Vår far er Abraham, » svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde; 40 men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham. 41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor, » sagde dei; «me hev ein far, Gud!» 42 Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg. 43 «Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine! 44 De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni. 45 Men av eg talar sanningi, trur det meg ikkje. 46 Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje? 47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.» 48 Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?» 49 Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50 Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer. 51 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.» (aiōn g165) 52 «No veit me at du er forgjord, » sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.» (aiōn g165) 53 Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?» 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud, 55 men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord. 56 Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.» 57 «Du er endå ikkje femti år, » sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!» 58 Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.» 59 Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.

< Johannes 8 >