< Johannes 7 >

1 Sidan for Jesus kringum i Galilæa; han vilde ikkje ferdast kring i Judæa; for jødarne sat um og vilde drepa honom. 2 So leid det fram til den jødiske høgtidi dei kallar lauvhyttehelgi. 3 Då sagde brørne hans til honom: «Flytt herifrå, og far til Judæa, so læresveinarne dine og kann få sjå dei verki du gjer! 4 For ingen som vil vera namnspurd, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, so syn deg fram for verdi!» 5 For brørne hans trudde ikkje på honom, dei heller. 6 Jesus svara: «Mi tid er endå ikkje komi; men for dykk er det allstødt lagleg tid. 7 Verdi kann ikkje hata dykk; men meg hatar ho, for di eg vitnar um henne, at gjerningarne hennar er vonde. 8 Far de upp til høgtidi! Eg fer ikkje upp til denne høgtidi; for mi tid er endå ikkje fullkomi.» 9 Dette sagde han med deim, og vart verande i Galilæa. 10 Men då brørne hans var farne upp til høgtidi, då for han og dit, ikkje berrsynt, men som i løynd. 11 Jødarne leita no etter honom på høgtidi og sagde: «Kvar er han, denne mannen?» 12 Og det vart mykje mulling um honom millom folket; sume sagde: «Det er ein god mann!» andre sagde: «Nei, han forvillar folket!» 13 Men ingen tala fritt ut um honom; for dei var rædde jødarne. 14 Då det alt leid midt uti høgtidi, gjekk Jesus upp i templet og lærde. 15 Jødarne undra seg og sagde: «Kvar hev han lærdomen sin frå, som ikkje hev gjenge på nokon skule?» 16 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Mi læra er’kje mi, men hans som sende meg. 17 Vil nokon gjera etter hans vilje, skal han få røyna um læra er frå Gud, eller um eg talar av meg sjølv. 18 Den som talar av seg sjølv, søkjer si eigi æra; men den som søkjer æra åt den som hev sendt honom, er sannordig, og det finst ikkje urett i honom. 19 Hev’kje Moses gjeve dykk lovi? og ingen av dykk held lovi. Kvi tenkjer de på å drepa meg?» 20 «Du er forgjord!» svara folket, «kven tenkjer på å drepa deg?» 21 Jesus svara deim: «Eg gjorde eitt verk, som de alle undrar dykk yver. 22 Moses hev gjeve dykk umskjeringi - ja, ho er no ikkje frå Moses, men frå federne - og de umskjer eit menneskje på kviledagen. 23 Når no eit menneskje fær umskjeringi på kviledagen, so ikkje lovi åt Moses skal brjotast, er de då harme på meg for di eg gjorde eit heilt menneskje godt att på ein kviledag? 24 Døm ikkje etter det som er utvendes, men lat domen dykkar vera rettferdig!» 25 Det var nokre av Jerusalems-buarne som sagde: «Er’kje dette den mannen som dei tenkjer på å drepa? 26 og no talar han fritt ut, og dei segjer ikkje eit ord til honom! Skulde dei styrande retteleg ha skyna at han er Messias? 27 Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.» 28 Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner; 29 eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.» 30 Då vilde dei gripa honom; men ingen lagde hand på honom; for endå var’kje tidi hans komi. 31 Men mange av folket trudde på honom og sagde: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen hev gjort?» 32 Farisæarane høyrde at folket mulla soleis um honom, og øvsteprestarne og farisæarane sende tenarar som skulde gripa honom. 33 Då sagde Jesus: «Endå eit lite bil er eg hjå dykk, so gjeng eg til honom som hev sendt meg; 34 de skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma.» 35 So sagde jødarne seg imillom: «Kvar vil han fara av, sidan me ikkje skal finna honom? Tru han vil fara til deim som bur rundt ikring millom grækarane, og læra grækarane? 36 Kva meinte han med dei ordi han sagde: «De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, kann ikkje de koma?»» 37 Den siste dagen, den største i høgtidi, stod Jesus og ropa ut: «Er det nokon som er tyrst, so lat honom koma til meg og drikka! 38 Den som trur på meg, frå hans liv skal det, som Skrifti segjer, renna elvar med livande vatn.» 39 Det sagde han um Anden som dei skulde få, dei som trudde på honom; for endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord. 40 Sume bland folket sagde då dei høyrde dei ordi: «Dette er visst og sant profeten.» 41 Andre sagde: «Det er Messias.» Men sume sagde: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilæa? 42 Hev ikkje Skrifti sagt at Messias er av Davids ætt, og kjem frå Betlehem, den grendi som David åtte heime i?» 43 Soleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld, 44 og sume av deim var huga til å gripa honom, men ingen lagde hand på honom. 45 Då tenararne kom attende, sagde øvsteprestarne og farisæarane til deim: «Kvi tok de honom ikkje med dykk?» 46 Tenarane svara: «Aldri hev noko menneskje tala som honom!» 47 Då sagde farisæarane: «Hev de og vorte dåra? 48 Er det nokon av dei styrande som trur på honom, eller av farisæarane? 49 Men denne mugen, som ikkje kjenner lovi, er forbanna.» 50 Segjer Nikodemus, han som fyrr ein gong var komen til Jesus, og som høyrde til flokken deira: 51 «Dømer lovi vår nokon mann, fyrr dei hev høyrt på honom og fenge vita kva han gjer?» 52 «Er du og frå Galilæa, kann henda?» svara dei. «Granska etter, so fær du sjå at det aldri kjem nokon profet frå Galilæa!» 53 So gjekk kvar heim til seg.

< Johannes 7 >