< Johannes 6 >

1 Sidan for Jesus burt til hi sida av Galilæa- eller Tiberias-sjøen.
ᎾᏍᎩᏃ ᏄᎵᏍᏔᏂᏙᎸ, ᏥᏌ ᏚᏪᏐᏨᎩ ᎨᎵᎵ ᎥᏓᎸᎢ, ᎾᏍᎩ ᏓᏈᎵᏯ ᎥᏓᎸ ᏥᏚᏙᎥ.
2 Og det fylgde honom mykje folk, av di dei såg dei teikni han gjorde på dei sjuke.
ᎠᎴ ᎤᏂᏣᏔᏅᎯ ᎬᏩᏍᏓᏩᏛᏒᎩ, ᏅᏓᎦᎵᏍᏙᏗᏍᎬᎩ ᎠᏂᎪᏩᏘᏍᎬ ᎾᏍᎩ ᎤᏂᏍᏆᏂᎪᏗ ᏂᏓᏛᏁᎲ ᎫᏂᏢᎩ.
3 Men Jesus gjekk upp i fjellet, og der sette han seg med læresveinarne sine.
ᏥᏌᏃ ᎤᎿᎭᎷᏒᎩ ᎣᏓᎸᎢ, ᎠᎴ ᎾᎿᎭᎤᏪᏅᎩ, ᎠᎴ ᎾᏍᏉ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ.
4 Det leid då mot påskehelgi åt jødarne.
ᎧᏃᎯᏰᎩᏃ ᏗᎵᏍᏓᏴᏗᏱ ᎠᏂᏧᏏ ᎤᎾᏤᎵᎦ ᎤᏍᏆᎸᎯᏕᎾ ᎨᏒᎩ.
5 Som no Jesus såg upp og vart var at det kom mykje folk til honom, segjer han til Filip: «Kvar skal me kjøpa brød, so desse folki kann få noko å eta?»
ᏥᏌᏃ ᏚᏌᎳᏓᏅ ᏗᎦᏙᎵ, ᎠᎴ ᏚᎪᎲ ᎤᏂᏣᏘ ᏗᎬᏩᎷᏤᎵᏒᎢ, ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎸᎩ ᏈᎵᎩ; ᎭᏢ ᏓᎩᏩᏏ ᎦᏚ ᎯᎠ ᎤᏂᎩᏍᏗ.
6 Det sagde han av di han vilde røyna honom; for han visste sjølv kva han vilde gjera.
ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏄᏪᏒᎩ ᎠᏥᎪᎵᏰᏍᎬᎩ, ᎤᏩᏒᏰᏃ ᎠᎦᏔᎲᎩ ᎢᏳᏛᏁᏗᏱ.
7 «Brød for eit halvt hundrad dalar rekk ikkje til, so kvar av deim kann få eit lite stykke, » svara Filip.
ᏈᎵᎩ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎸᎩ; ᏔᎵᏧᏈ ᎠᏂᎩᏏ ᏧᎾᎬᏩᎶᏗ ᏧᎬᏩᎶᏗ ᎦᏚ ᎥᏝ ᏰᎵ ᏱᎦᎩ, ᎾᏍᎩ ᎠᏂᏏᏴᏫᎭ ᎤᏍᏗ ᎤᏂᎩᏒᏍᏗᏱ.
8 Ein av læresveinarne hans - det var Andreas, bror åt Simon Peter - segjer til honom:
ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎨᏒ ᎠᏏᏴᏫ, ᎡᏂᏗ ᏧᏙᎢᏛ, ᏌᏩᏂ ᏈᏓ ᏗᎾᏓᏅᏟ, ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎸᎩ;
9 «Her er ein liten gut som hev fem byggbrød og tvo fiskar, men kva er det åt so mange?»
ᎠᏏᏴᏫ ᎠᏫᏄᏣ ᎠᏂ ᎡᏙᎭ, ᎾᏍᎩ ᏓᏰᎭ ᎯᏍᎩ ᎤᏣᎴᏍᏗ-ᎢᏳᏍᏗ ᎦᏚ, ᎠᎴ ᏔᎵ ᏧᎾᏍᏗ ᎠᏣᏗ ᏕᎦᏁᎭ; ᎠᏎᏃ ᎠᏎᏉᎧᏂ ᎾᏍᎩ, ᎯᎠᏃ ᏥᏄᏂᏣᏔ?
10 «Lat folket setja seg!» sagde Jesus. Det var mykje gras på den staden; so sette mennerne seg; dei var um lag fem tusund i talet.
ᎠᎴ ᏥᏌ ᎯᎠ ᏄᏪᏒᎩ; ᏩᎾᏅᎥᎦ ᏴᏫ. ᎾᎿᎭᏃ ᎤᏣᏛᎩ ᎦᏄᎸᏒᎩ. ᎰᏩᏃ ᎤᎾᏅᏅᎩ ᎠᏂᏍᎦᏯ ᎯᏍᎩᎭ ᎢᏯᎦᏴᎵ ᎢᏴᏛ ᎢᏯᏂᎢ.
11 Då tok Jesus brødi, og takka, og skifte deim ut til deim som sat der, og like eins av fiskarne, so mykje dei vilde hava.
ᎠᎴ ᏥᏌ ᎦᏚ ᏚᎩᏒᎩ, ᎠᎴ ᎤᎵᎮᎵᏨ ᏚᏯᏙᎮᎸᎩ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ, ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯᏃ ᏚᏂᏯᏙᎮᎸᎩ ᎤᎾᏅᏅᎯ, ᎠᎴ ᎾᏍᏉ ᎠᏣᏗ ᏂᎦᎥ ᏚᎾᏚᎵᏍᎬᎢ.
12 Då dei var mette, segjer han til læresveinarne: «Sanka i hop dei molarne som att er, so ingen ting vert spillt!»
ᏚᏃᎸᏒᏃ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ; ᎢᏥᏟᏌ ᎤᎵᎬᎭᎷᏴᎯ ᎤᏘᏴᎯ, ᏞᏍᏗ ᎪᎱᏍᏗ ᏳᏤᏬᏤᏍᏗ.
13 So gjorde dei det, og dei fyllte tolv korger med molarne som var att av dei fem byggbrødi etter deim som hadde ete.
ᎰᏩᏃ ᎤᏂᏟᏌᏅᎩ, ᎠᎴ ᏔᎳᏚ ᏔᎷᏣ ᏚᏂᎧᎵᏍᏔᏅᎩ ᎤᎵᎬᎭᎷᏴᎯ ᎯᏍᎩ ᎤᏣᎴᏍᏗ-ᎢᏳᏍᏗ ᎦᏚ ᎾᏍᎩ ᎤᎾᎵᏍᏓᏴᏅᎯ ᎤᎾᏘᏰᎸᎯ.
14 Då no folket såg det teiknet han hadde gjort, sagde dei: «Dette er visst og sant profeten som skal koma til verdi!»
ᎾᏍᎩᏃ Ꮎ ᎠᏂᏍᎦᏯ, ᎤᏂᎪᎲ ᎤᏍᏆᏂᎪᏗ ᏥᏌ ᏚᎸᏫᏍᏓᏁᎸᎢ, ᎯᎠ ᏄᏂᏪᏒᎩ; ᎯᎠ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎠᏙᎴᎰᏍᎩ ᎡᎶᎯ ᎤᎷᎯᏍᏗ ᏥᎨᏒᎩ.
15 Då skyna Jesus at dei vilde koma og taka honom med magt og gjera honom til konge; difor drog han seg undan og gjekk upp i fjellet att, han åleine.
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᎤᏙᎴᎰᏒ ᏗᏂᎷᏥᏒᎩ ᎠᎴ ᏗᎬᏩᏗᏝᎥᏔᏂᏒ ᎤᎬᏫᏳᎯ ᏅᏗᎬᏩᏁᎵᏒᎢ, ᎤᏓᏅᏒᎩ ᏔᎵᏁ ᏦᏓᎸ ᏭᏣᏒᎩ ᎤᏩᏒ ᎨᏒᎢ.
16 Då det vart kveld, gjekk læresveinarne ned til sjøen;
ᎤᏒᏃ ᏄᎵᏍᏔᏅ, ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎥᏓᎸ ᏭᏂᎶᏒᎩ;
17 dei steig ut i båten og vilde fara yver sjøen, til Kapernaum. Det var alt myrkt vorte, og Jesus var endå ikkje komen til deim.
ᎠᎴ ᏥᏳᎯ ᎤᎾᏣᏅᎩ ᎨᏆᏂ ᎢᏗᏢ ᏫᏚᏂᏐᎯᏍᏔᏅᎩ. ᎠᎴ ᎿᎭᏉ ᎤᎵᏏᎬᎩ, ᎠᎴ ᏥᏌ ᎥᏝ ᏳᏂᎷᏤᎮᎢ.
18 Bårorne gjekk høgt; for det bles ein hard vind.
ᎤᏣᏘᏃ ᎤᏃᎸᏅ, ᎥᏓᎵ ᏓᎵᏍᏗᎳᏁᎬᎩ.
19 Då dei so hadde rott umlag ei halv mil eller halvtridje fjordung, ser dei at Jesus kjem gangande på sjøen og kjem næmare og næmare innåt båten. Dei vart rædde,
ᏦᎢᎭᏃ ᎠᎴ ᏅᎩᎭ ᎢᏳᏟᎶᏛ ᎤᏂᎦᏪᎸ, ᎤᏂᎪᎲᎩ ᏥᏌ ᎥᏓᎵ ᎦᏚᎢ ᎠᎢᏒᎩ, ᎠᎴ ᏥᏳᎯ ᎾᎥ ᎤᎷᏥᏗᏒᎩ. ᎠᎴ ᎠᏂᏍᎦᎢᎲᎩ.
20 men han sagde: «Det er eg; ver ikkje rædde!»
ᎠᏎᏃ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᎠᏴᏉ, ᏞᏍᏗ ᏱᏥᏍᎦᎢᎮᏍᏗ.
21 Då vilde dei taka honom upp i båten, og straks var båten ved det landet dei skulde til.
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏳᎯ ᏕᎬᏩᏓᏂᎸᏨᎩ; ᎩᎳᏉᏃ ᎢᏴᏛ ᏥᏳ ᏭᏔᎳᏗᏨᎩ ᎾᎿᎭᎤᎾᏅᏔᏩᏗᏒᎢ.
22 Dagen etter stod det endå ein folkehop på hi sida av sjøen; dei hadde set at det ikkje var meir enn ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten med læresveinarne sine, men læresveinarne tok av stad åleine.
ᎤᎩᏨᏛᏃ ᎤᏂᏣᏘ ᎥᏓᎵ ᎢᏍᎪᎾ ᏅᏛᏂᏙᎾᎢ, ᎤᎾᏙᎴᎰᏒ ᏅᏩᏓᎵ ᏥᏳ ᎾᏔᎸᎾ ᎨᏒᎢ, ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎤᏩᏒ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎤᎾᏦᏔᏅᎯ, ᎠᎴ ᏥᏌ ᏂᏚᎵᎪᏁᎸᎾ ᎨᏒ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᏥᏳᎯ ᎤᎾᏣᏅ, ᎠᎴ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎤᏅᏒ ᎤᎾᏂᎩᏒᎢ; —
23 Men det kom båtar frå Tiberias, tett innmed den staden dei hadde halde måltid etterpå Herrens takkebøn.
ᎤᏙᎯᏳᎯᏍᎩᏂᏃᏅ ᏂᏗᎬᏩᏓᎴ ᏥᏳ ᏓᏈᎵᏯ ᏂᏙᏓᏳᏂᏅᏍᏔᏅᎯ ᏚᏂᏃᎸᎩ ᎾᎥᎢ ᎾᎿᎭᎤᎬᏫᏳᎯ ᎤᎵᎮᎵᏨᎢ ᎠᎴ ᎤᎾᎵᏍᏓᏴᏅᎢ —
24 Då no folket såg at Jesus ikkje var der, og ikkje læresveinarne hans heller, steig dei sjølve i båtarne og for til Kapernaum og leita etter Jesus,
ᎾᏍᎩᏃ ᎿᎭᏉ ᎤᏂᏣᏘ ᎤᎾᏙᎴᎰᏒ ᏥᏌ ᎾᎿᎭᏁᏙᎲᎾ ᎨᏒᎢ, ᎠᎴ ᎾᏍᏉ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᎰᎯ, ᎾᏍᎩ ᎾᏍᏉ ᏥᏳᎯ ᏚᎾᏣᏅᎩ, ᎠᎴ ᎨᏆᏂ ᎤᏂᎷᏨᎩ, ᎠᏂᏲᎲᎩ ᏥᏌ.
25 og då dei fann han der, på hi sida av sjøen, sagde dei til honom: «Når kom du hit, meister?»
ᎬᏩᏩᏛᎲᏃ ᎥᏓᎵ ᎢᏍᎪᏂᏗᏢ ᎯᎠ ᏅᎬᏩᏪᏎᎸᎩ; ᏔᏕᏲᎲᏍᎩ, ᎯᎳᎪ ᎢᏳ ᎠᏂ ᏣᎷᏤᎢ?
26 Jesus svara deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Det er’kje for di de såg teikn at de leitar etter meg, men for di de åt av brødi og vart mette.
ᏥᏌ ᏚᏁᏤᎸ ᎯᎠ ᏄᏪᏒᎩ; ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎯᎠ ᏂᏨᏪᏎᎭ; ᏍᎩᏲᎭ ᎥᏝ ᏱᏅᏗᎦᎵᏍᏙᏗᎭ ᎤᏍᏆᏂᎪᏗ ᏗᎦᎸᏫᏍᏓᏁᏗ ᎢᏥᎪᎲᎢ, ᏅᏗᎦᎵᏍᏙᏗᏉᏍᎩᏂ ᎦᏚ ᏕᏥᎬᎢ, ᎠᎴ ᏕᏦᎸᏒᎢ.
27 Vinn dykk ikkje føda som forgjengst, men føda som varer og gjev eit ævelegt liv! Den skal Menneskjesonen gjeva dykk; for honom hev Faderen, Gud, sett sitt innsigle på.» (aiōnios g166)
ᏞᏍᏗ ᏱᏗᏥᎸᏫᏍᏓᏁᎮᏍᏗ ᎢᏥᏩᏛᏗᏱ ᎠᎵᏍᏓᏴᏗ ᎠᏲᎵ, ᎾᏍᎩᏍᎩᏂ Ꮎ ᎠᎵᏍᏓᏴᏗ ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᏗᎨᏒᎢ ᎢᎬᏂᏛ ᏥᎩ, ᎾᏍᎩ ᏴᏫ ᎤᏪᏥ ᎢᏥᏁᏗ ᏥᎩ, ᎾᏍᎩᏰᏃ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᎠᎦᏴᎵᎨ ᎤᏍᏓᏱᏛ. (aiōnios g166)
28 Då sagde dei til honom: «Korleis skal me fara åt, so me kann gjera Guds gjerningar?»
ᎿᎭᏉᏃ ᎯᎠ ᏅᎬᏩᏪᏎᎸᎩ; ᎦᏙ ᏓᏲᏣᏛᏁᎵ ᏙᏓᏲᎩᎸᏫᏍᏓᏁᎵ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᎤᏤᎵᎦ ᏗᎦᎸᏫᏍᏓᏁᏗ ᎨᏒᎢ?
29 Jesus svara: «Det er Guds gjerning, at de skal tru på den som han sende.»
ᏥᏌ ᎤᏁᏨ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᎯᎠ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᏗᎦᎸᏫᏍᏓᏁᏗ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᎤᏤᎵᎦ, ᎾᏍᎩ ᎡᏦᎢᏳᏗᏱ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᏅᏓᏳᏅᏏᏛ.
30 Då sagde dei til honom: «Kva teikn gjer då du, so me kann sjå det og tru deg? kva for verk gjer du?
ᎿᎭᏉᏃ ᎯᎠ ᏅᎬᏩᏪᏎᎸᎩ; ᎦᏙᏃ ᎤᏍᏗ ᎤᏰᎸᏛ ᎯᎾᏄᎪᏫᏍᎦ, ᎾᏍᎩ ᎣᎩᎪᏩᏛᏗᏱ ᎠᎴ ᎢᏨᏲᎢᏳᏗᏱ? ᎦᏙ ᎤᏍᏗ ᏕᏣᎸᏫᏍᏓᏁᎭ?
31 Federne våre åt manna i øydemarki, som skrive stend: «Han gav dei brød frå himmelen å eta.»»
ᏗᎩᎦᏴᎵᎨᎢ ᎹᎾ ᎠᎾᎵᏍᏓᏴᏗᏍᎬᎩ ᎢᎾᎨᎢ, ᎾᏍᎩᏯ ᎯᎠ ᏥᏂᎬᏅ ᏥᎪᏪᎳ; “ᏕᎠᏁᎲᎩ ᎦᏚ ᎤᏂᎩᏍᏗ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᏓᎴᏅᎯ.”
32 Då sagde Jesus til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen, men Far min gjev dykk det rette brødet frå himmelen;
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎯᎠ ᏂᏨᏪᏎᎭ; ᎥᏝ ᎼᏏ ᏱᏥᏁᎴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎦᏚ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᏓᎴᏅᎯ; ᎡᏙᏓᏍᎩᏂ ᎢᏥᏁᎭ ᎦᏚ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᏓᎴᏅᎯ.
33 for Guds-brødet er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verdi liv.»
ᎤᏁᎳᏅᎯᏰᏃ ᎤᏤᎵᎦ ᎦᏚ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᎶᏒᎯ ᏥᎩ, ᎠᎴ ᎬᏂᏛ Ꭰ’ᏁᎯ ᏥᎩ ᎡᎶᎯ.
34 Då sagde dei til honom: «Herre, gjev oss alltid det brødet!»
ᎿᎭᏉᏃ ᎯᎠ ᏅᎬᏩᏪᏎᎸᎩ; ᏣᎬᏫᏳᎯ, ᏂᎪᎯᎸ ᏍᎩᏁᎮᏍᏗ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᎦᏚ.
35 Jesus svara: «Eg er livsens brød; den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
ᏥᏌᏃ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᎠᏴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎠᏛᏂᏗᏍᏙᏗ ᎦᏚ. ᎩᎶ ᎠᎩᎷᏤᎮᏍᏗ ᎥᏝ ᎤᏲᏏᏐᏗ ᏱᎨᏎᏍᏗ, ᎠᎴ ᎩᎶ ᎠᏉᎯᏳᎲᏍᎨᏍᏗ ᎥᏝ ᎤᏔᏕᎪᏗ ᏱᎨᏎᏍᏗ.
36 Men eg sagde dykk at de hev set meg og endå ikkje trur.
ᎠᎴ ᎯᎠ ᏂᏨᏪᏎᎸᎩ; ᏍᎩᎪᏩᏛᎲ ᎠᏎᏃ ᎥᏝ ᏱᏦᎯᏳᎲᏍᎦ.
37 Alle som Far min gjev meg, kjem til meg, og den som kjem til meg, skal eg so visst ikkje visa burt;
ᏂᎦᏛ ᎡᏙᏓ ᏗᎩᎧᏁᎸᎯ ᎠᏎ ᏓᎬᎩᎷᏤᎵ; ᎠᎴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎠᎩᎷᏤᎸᎯ ᎠᏎ ᎥᏝ ᏥᏄᎪᏫᏍᏗ ᏱᎩ.
38 for eg hev kome ned frå himmelen, ikkje til å gjera det eg sjølv vil, men det han vil som sende meg,
ᎦᎸᎳᏗᏰᏃ ᏗᏆᏠᎣᏒ, ᎥᏝ ᎠᏋᏒ ᎦᏓᏅᏖᏍᎬ ᏗᎩᎸᏫᏍᏓᏁᏗᏱ, ᎠᏓᏅᏖᏍᎬᎢᏍᎩᏂ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᏅᏛᎩᏅᏏᏛ.
39 og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av deim han hev gjeve meg, men vekkja deim upp att på den siste dag.
ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏄᏍᏗ ᎠᏓᏅᏖᏍᎬ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ ᎾᏍᎩ ᏅᏛᎩᏅᏏᏛ, ᎾᏍᎩ ᏂᎦᏛ ᏗᎩᏲᎯᏎᎸᎯ ᎨᏒᎢ, ᎪᎱᏍᏗ ᎠᎩᏲᎱᏎᏗ ᏂᎨᏒᎾ ᎢᏳᎵᏍᏙᏗᏱ, ᏗᎦᎴᏙᏗᏱᏍᎩᏂ ᎤᎵᏍᏆᎸᏗ ᎢᎦ ᎨᏎᏍᏗ.
40 For so vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på honom, skal hava ævelegt liv, og at eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.» (aiōnios g166)
ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏄᏍᏗ ᎠᏓᏅᏖᏍᎬ ᎠᎦᏴᎵᎨ ᏅᏛᎩᏅᏏᏛ, ᎾᏍᎩ ᎩᎶ ᎠᎪᏩᏘᏍᎩ ᎤᏪᏥ, ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎪᎯᏳᎲᏍᎩ, ᎾᎵᏍᏆᏗᏍᎬᎾ ᎬᏂᏛ ᎤᏤᎵᎦ ᎢᏳᎵᏍᏙᏗᏱ; ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎠᏴ ᏙᏓᏥᏯᎴᏔᏂ ᎤᎵᏍᏆᎸᏗ ᎢᎦ ᎨᏎᏍᏗ. (aiōnios g166)
41 Då murra jødarne og fann åt honom, for di han sagde: «Eg er brødet som kom ned frå himmelen.»
ᎿᎭᏉᏃ ᎠᏂᏧᏏ ᎬᏩᎪᏁᎶᎯᏎᎸᎩ ᏅᏓᎦᎵᏍᏙᏗᏍᎬᎩ ᎯᎠ ᏄᏪᏒᎢ, ᎠᏴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎦᏚ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏛᎶᏒᎯ.
42 «Er’kje dette Jesus Josefsson? sagde dei; «me kjenner då både far hans og mor hans; korleis hev det seg at han no segjer: «Eg hev kome ned frå himmelen?»»
ᎯᎠᏃ ᏄᏂᏪᏒᎩ; ᏝᏍᎪ ᎯᎠ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᏥᏌ ᏱᎩ, ᏦᏩ ᎤᏪᏥ, ᎾᏍᎩ ᎤᏙᏓ ᎠᎴ ᎤᏥ ᏗᏗᎦᏔᎯ ᏥᎩ? ᎦᏙᏃ ᎤᎵᏍᏙᏔᏅ, ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏛᏆᏠᎠᏒᎯ, ᏣᏗᎭ?
43 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Haldt ikkje på å murra dykk imillom!
ᎾᏍᎩ ᎢᏳᏍᏗ ᏥᏌ ᎤᏁᏨᎩ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᏞᏍᏗ ᏱᏥᎪᏁᎶᏍᎨᏍᏗ.
44 Ingen kann koma til meg utan Faderen, som sende meg, hev drege honom, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag.
ᎥᏝ ᎩᎶ ᏰᎵ ᏴᎬᎩᎷᏥᏏ, ᎬᏂ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ ᏅᏛᎩᏅᏏᏛ ᎤᏎᏒᏛ ᏱᎩ; ᎠᎴ ᎠᏴ ᎾᏍᎩ ᏙᏓᏥᏯᎴᏔᏂ ᎤᎵᏍᏆᎸᏗ ᎢᎦ ᎨᏎᏍᏗ.
45 Det stend skrive hjå profetarne: «Og alle skal dei vera upplærde av Gud.» Kvar som hev lydt på Faderen og lært, han kjem til meg.
ᎯᎠ ᏂᎬᏅ ᎪᏪᎳ ᎠᎾᏙᎴᎰᏍᎩᏱ; “ᎠᎴ ᏂᎦᏛ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᏧᏪᏲᏅᎯ ᎨᏎᏍᏗ.” ᎾᏍᎩ ᎢᏳᏍᏗ ᏂᎦᏛ ᎤᎾᏛᎦᏁᎸᎯ ᎠᎴ ᎤᎾᏕᎶᏆᎡᎸᎯ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ, ᎬᎩᎷᏤᎰᎢ.
46 Ikkje so at nokon hev set Faderen utan han som er frå Gud, han hev set Faderen.
ᎥᏝᏍᎩᏂᏃᏅ ᎩᎶ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ ᎤᎪᎲᎯ ᏱᎩ, Ꮎ ᎤᏩᏒ ᎤᏁᎳᏅᎯᏱ ᏅᏓᏳᏓᎴᏅᎯ; ᎾᏍᎩ ᎤᎪᎲᎯ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ.
47 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur, hev ævelegt liv. (aiōnios g166)
ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎯᎠ ᏂᏨᏪᏎᎭ, ᎠᏉᎯᏳᎲᏍᎩ ᎤᎭ ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᎬᏂᏛ. (aiōnios g166)
48 Eg er livsens brød.
ᎠᏴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎦᏚ ᎠᏛᏂᏗᏍᏙᏗ.
49 Federne dykkar åt manna i øydemarki og døydde;
ᏗᏥᎦᏴᎵᎨᎢ ᎹᎾ ᎠᎾᎵᏍᏓᏴᏗᏍᎬᎩ ᎢᎾᎨᎢ, ᎠᎴ ᏚᏂᏲᎱᏒ;
50 her er det brødet som kjem ned frå himmelen, so den som et av det ikkje skal døy.
ᎯᎠ ᎾᏍᎩ ᏄᏍᏗ ᎦᏚ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᎶᏒᎯ, ᎾᏍᎩ ᎩᎶ ᏳᎬ ᎥᏝ ᏴᎬᏲᎱᎯ.
51 Eg er det livande brødet som kom ned frå himmelen; dersom nokon et av det brødet, skal liva i all æva; og brødet eg vil gjeva, er kjøtet mitt, som eg gjev til liv for verdi.» (aiōn g165)
ᎠᏴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎦᏚ ᎬᏂᏛ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᎶᏒᎯ. ᎢᏳᏃ ᎩᎶ ᎠᎩᏍᎨᏍᏗ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᎦᏚ, ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᎬᏁᏍᏗ. ᎠᎴ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎦᏚ ᏨᏓᏥᏁᎵ ᎾᏍᎩ ᎠᏴ ᎠᎩᏫᏯ, ᎾᏍᎩ ᏥᏙᏛᎩᏲᏏ ᎡᎶᎯ ᎤᏛᏂᏗᏍᏙᏗ. (aiōn g165)
52 Då trætta jødarne med kvarandre og sagde: «Korleis kann han gjeva oss kjøtet sitt å eta?»
ᎿᎭᏉᏃ ᎠᏂᏧᏏ ᎤᏅᏒᏉ ᏚᎾᏘᏲᎸᎩ, ᎯᎠ ᏄᏂᏪᏒᎩ, ᎦᏙ ᏱᎦᎵᏍᏙᏓ ᎯᎠ ᎠᏍᎦᏯ ᏱᎩᎲᏏ ᎤᏩᏒ ᎤᏫᏯ ᎢᎦᎵᏍᏓᏴᏙᏗ?
53 Då sagde Jesus til deim: Det segjer eg dykk for visst og sant: Et de ikkje kjøtet åt Menneskjesonen, og drikk blodet hans, so hev de ikkje liv i dykk.
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎤᏙᎯᏳᎯᏯ ᎯᎠ ᏂᏨᏪ ᏎᎭ; ᎢᏳᏃ ᏂᏥᎬᎾ ᏴᏫ ᎤᏪᏥ ᎤᏫᏯ, ᎠᎴ ᎤᎩᎬ ᎢᏣᏗᏔᎲ ᏱᎩ, ᎥᏝ ᎬᏂᏛ ᏱᏥᏯᎠ.
54 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, hev eit ævelegt liv, og eg skal vekkja honom upp att på den siste dag. (aiōnios g166)
ᎠᎩᏫᏯ ᎠᎩᏍᎩ, ᎠᎴ ᎠᎩᎩᎬ ᎠᏗᏔᏍᎩ, ᎬᏂᏛ ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᎤᏤᎵᎦ, ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎠᏴ ᏙᏓᏥᏯᎴᏔᏂ ᎤᎵᏍᏆᎸᏗ ᎢᎦ ᎨᏎᏍᏗ. (aiōnios g166)
55 For kjøtet mitt er retteleg mat, og blodet mitt er retteleg drykk.
ᎠᎩᏫᏯᏰᏃ ᎤᏙᎯᏳᏒ ᎠᎵᏍᏓᏴᏗ, ᎠᎴ ᎠᎩᎩᎬ ᎤᏙᎯᏳᏒ ᎠᏗᏔᏍᏗ.
56 Den som et mitt kjøt og drikk mitt blod, han vert verande i meg, og eg i honom.
ᎠᎩᏫᏯ ᎠᎩᏍᎩ, ᎠᎴ ᎠᎩᎩᎬ ᎠᏗᏔᏍᎩ, ᎾᏍᎩ ᎠᎩᏯᎠ, ᎠᏴ ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᏥᏯᎠ.
57 Som den livande Faderen sende meg, og eg liver ved Faderen, so skal og den som et meg liva ved meg.
ᎾᏍᎩᏯᎢ ᎬᏂᏛ ᎠᎦᏴᎵᎨᎢ ᎠᎩᏅᏏᏛ ᏥᎩ, ᎠᎴ ᎠᎦᏴᎵᎨ ᏥᏅᏗᎦᎵᏍᏙᏗᎭ ᎠᏴ ᏥᎬᏅ, ᎾᏍᎩᏯᎢ ᎠᏴ ᎠᏆᎵᏍᏓᏴᏗᏍᎩ ᎾᏍᎩ ᎠᏴ ᏅᏗᎦᎵᏍᏙᏗᏍᎨᏍᏗ ᎬᏁᏍᏗ.
58 Det er brødet som kom ned frå himmelen; det er’kje som det federne dykkar åt, og so døydde: den som et dette brødet, skal liva i all æva.» (aiōn g165)
ᎾᏍᎩ ᎯᎠ Ꮎ ᎦᏚ ᎦᎸᎳᏗ ᏅᏓᏳᎶᏒᎯ; ᎥᏝ ᎾᏍᎩᏯ ᏗᏥᎦᏴᎵᎨᎢ ᎹᎾ ᏣᏂᎩᏍᎨᎢ, ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᏧᏂᏲᎱᏒᎯ ᏥᎩ; ᎯᎠ ᎦᏚ ᎠᎩᏍᎩ ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᎬᏁᏍᏗ. (aiōn g165)
59 Dette sagde han i eit synagogemøte, med han lærde i Kapernaum.
ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏄᏪᏒᎩ ᏗᎦᎳᏫᎢᏍᏗᏱ, ᏓᏕᏲᎲᏍᎬ ᎨᏆᏂ.
60 Mange av læresveinarne hans sagde då dei høyrde det: «Dette er stride ord, kven kann lyda på honom?»
ᎾᏍᎩ ᎢᏳᏍᏗ ᎤᏂᏣᏛᎩ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎤᎾᏛᎦᏅ, ᎯᎠ ᏄᏂᏪᏒᎩ; ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᎠᏍᏓᏱᏳ ᎧᏃᎮᏛ; ᎦᎪ ᏰᎵ ᏯᏛᎬᎦ?
61 Jesus visste med seg at læresveinarne hans murra um dette, og han sagde til deim: «Støyter de dykk på dette?
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᏧᏓᏅᏛ ᎤᏙᎴᎰᏒ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎤᏂᎪᏁᎶᏍᎬᎢ, ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ; ᏥᎪ ᎾᏍᎩ ᎯᎠ ᏕᏦᏕᏍᏗᎭ?
62 Enn um de no fær sjå Menneskjesonen fara upp dit han var fyrr!
ᎢᏳᎾᏃ ᏰᏥᎪᎥ ᏴᏫ ᎤᏪᏥ ᏳᎵᏌᎳᏓᏅ ᎾᎿᎭᏧᏓᎴᏅ ᏱᏬᎶᏒ?
63 Det er åndi som gjev liv; kjøtet gjer ikkje noko gagn. Dei ordi eg hev tala til dykk, er ånd, og er liv;
ᎠᏓᏅᏙᏍᎩᏂ ᎠᏓᏛᏂᏗᏍᎩ; ᎤᏇᏓᎵ ᎥᏝ ᎬᏩᏓᏍᏕᎸᏗ ᏱᎩ. ᎧᏃᎮᏛ ᎠᏴ ᏥᏨᏬᏁᏗᎭ ᎾᏍᎩ ᎠᏓᏅᏙ, ᎠᎴ ᎾᏍᎩ ᎬᏂᏛ.
64 men det er nokre av dykk som ikkje trur.» For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven det var som skulde svika honom.
ᎠᏎᏃ ᎢᏣᏓᏑᏯ ᏂᏦᎯᏳᎲᏍᎬᎾ. ᏥᏌᏰᏃ ᏗᏓᎴᏂᏍᎬ ᏂᏓᎦᏔᎰ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎾᏃᎯᏳᎲᏍᎬᎾ, ᎠᎴ ᎾᎦᏔᎰᎢ ᎾᏍᎩ Ꮎ ᎤᏡᏗᏍᎩ ᎢᏳᎵᏍᏙᏗ.
65 Og han sagde: «Difor var det eg sagde dykk at ingen kann koma til meg utan det er gjeve honom av Faderen.»
ᎠᎴ ᎯᎠ ᎾᏍᏉ ᏄᏪᏒᎩ; ᎾᏍᎩ ᎢᏳᏍᏗ ᎯᎠ ᏥᏂᏨᏪᏎᎸᎩ; ᎥᏝ ᎩᎶ ᏴᎬᎩᎷᏥ, ᎬᏂ ᎡᏙᏓ ᎤᏁᎸᎯ ᏱᎩ.
66 For dette var det mange av læresveinarne hans som drog seg undan og ikkje gjekk ikring med honom lenger.
ᎠᎴ ᎾᎯᏳ ᎢᏳᏓᎴᏅᏛ ᎤᏂᏣᏛ ᎬᏩᏍᏓᏩᏗᏙᎯ ᎤᎾᏨᏒᎩ, ᎠᎴ ᎥᏝ ᎿᎭᏉ ᎢᎸᎯᏳ ᏳᏁᏙᎴᎢ.
67 Då sagde Jesus til dei tolv: «Vil de og ganga dykkar veg?»
ᎿᎭᏉᏃ ᏥᏌ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸ ᏔᎳᏚ ᎢᏯᏂᏛ; ᏥᎪ ᎾᏍᏉ ᏂᎯ ᏛᏣᏓᏅᏏ?
68 Simon Peter svara: «Herre, kven skulde me ganga til? Du hev det ævelege livs ord, (aiōnios g166)
ᎿᎭᏉᏃ ᏌᏩᏂ ᏈᏓ ᎯᎠ ᏄᏪᏎᎸᎩ; ᏣᎬᏫᏳᎯ, ᎦᎪ ᏧᏬᎸ ᏮᏓᏲᏥᎶᏏ? ᏂᎯ ᏣᏍᏆᏂᎪᏗ ᎧᏃᎮᏛ ᎠᎵᏍᏆᏗᏍᎩ ᏂᎨᏒᎾ ᎠᏛᏂᏗᏍᏙᏗ. (aiōnios g166)
69 og me trur og veit at du er den Heilage frå Gud.»
ᎠᎴ ᎣᏦᎯᏳᎲᏍᎦ, ᎠᎴ ᎣᏥᎦᏔᎭ ᏂᎯ ᎾᏍᎩ ᎦᎶᏁᏛ ᎨᏒᎢ, ᎬᏂᏛ ᎤᏁᎳᏅᎯ ᎤᏪᏥ.
70 «Hev eg ikkje sjølv valt dykk ut, alle tolv?» svara Jesus, «og ein av dykk er ein djevel!»
ᏥᏌ ᎯᎠ ᏂᏚᏪᏎᎸᎩ. ᏝᏍᎪ ᏂᎯ ᏔᎳᏚ ᎢᏥᏛ ᏱᏨᏯᏑᏰᏎᎢ? ᎠᏎᏃ ᎠᏏᏴᏫ ᎤᏓᏑᏯ ᎠᏍᎩᎾ ᎢᎩ.
71 Han meinte Judas, son åt Simon Iskariot; for det var han som sidan skulde svika honom - han, ein av dei tolv.
ᎾᏍᎩ ᏄᏪᏒ ᏧᏓᏏ ᎢᏍᎦᎳᏗ ᏌᏩᏂ ᎤᏪᏥ ᎠᏥᏛᎬᎩ; ᎾᏍᎩᏰᏃ ᎤᏡᏗᏍᎩ ᎢᏳᎵᏍᏙᏗ ᎨᏒᎩ, ᏔᎳᏚ ᎢᏯᏂᏛ ᎨᏒ ᎾᎿᎭᎨᎳ ᎨᏒᎩ.

< Johannes 6 >