< Johannes 21 >

1 Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinarne ved Tiberiassjøen. Med det gjekk det soleis til: 2 Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus - og Natanael - han frå Kana i Galilæa - og Sebedæus-sønerne og tvo andre av læresveinarne var der i hop. 3 Då segjer Simon Peter til deim: «Eg gjeng’stad å fiska.» «Me vil og med, » segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei’kje noko. 4 I det bilet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinarne visste ikkje at det var han. 5 Jesus segjer til deim: «De hev vel ikkje noko å eta, born?» «Nei, » svara dei. 6 «Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk, » sagde han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der i det. 7 Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: «Det er Herren!» Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, tok han kjolen sin på seg - for han hadde lagt honom av - og kasta seg i sjøen. 8 Og dei andre læresveinarne kom med båten, og slæpte garnet med fiskarne etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag. 9 Då dei steig i land, ser dei ein glohaug som ligg der med fisk på og brød. 10 «Kom hit med noko av den fisken de fekk!» segjer Jesus. 11 Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund. 12 «Kom hit og få dykk ein morgonbite!» segjer Jesus. Ingen av læresveinarne våga å spyrja honom: «Kven er du?» dei visste at det var Herren. 13 Då kom Jesus, og tok brødet og gav deim, og like eins fisken. 14 Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinarne etter at han hadde stade upp frå dei daude. 15 Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre, » svarar han; «du veit at eg held av deg.» «Fød lambi mine!» segjer Jesus. 16 So segjer han til honom att, andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» Han svarar: «Ja, Herre, du veit eg held av deg.» «Gjæt sauerne mine» segjer Jesus. 17 So segjer han til honom tridje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det leidt at han spurde honom tridje gongen: «Held du av meg?» Han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg.» Jesus segjer til han: «Fød sauerne mine!» 18 «Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv livgjordi um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamall, skal du retta ut henderne dine, og ein annan skal binda livgjordi um deg og føra deg dit du ikkje vil.» 19 Det sagde han for å vitra um kvaslags daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til honom: «Fylg meg!» 20 Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed honom då dei heldt nattverd, og spurt: «Herre, kven er den som svik deg?» 21 Då Peter såg honom, segjer han til Jesus: «Herre, korleis skal det so ganga honom?» 22 Jesus svarar: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg!» 23 Soleis kom det ordet ut bland brørne: «Den læresveinen døyr ikkje.» Men Jesus sagde ikkje til honom at han ikkje skulde døy; det han sagde var: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det?» 24 Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at vitnemålet hans er sant. 25 Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi vilde røma dei bøkerne som då laut skrivast.

< Johannes 21 >