< Johannes 16 >

1 «Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast. 2 Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det, 3 og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller. 4 Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk. 5 Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?» 6 men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg. 7 Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk. 8 Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom. 9 Um synd av di dei ikkje trur på meg; 10 um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir; 11 um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd. 12 Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk. 14 Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk. 15 Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk. 16 Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.» 17 Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg, » og: «Eg gjeng til Faderen?» 18 Kva meiner han med det: ei liti stund, » sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.» 19 Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?» 20 Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda. 21 Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi. 22 Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk. 23 Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn. 24 Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi! 25 Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen. 26 Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk; 27 for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud. 28 Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.» 29 Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning. 30 No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.» 31 «No trur de!» svara Jesus; 32 «sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg. 33 Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»

< Johannes 16 >