< Johannes 15 >

1 «Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk. 4 Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera. 6 Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det! 8 På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar. 9 Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik! 10 Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik. 11 Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi. 12 Det er bodet mitt, at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk. 13 Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venerne sine. 14 De er venerne mine, so sant de gjer det eg segjer til dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk. 16 De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn. 17 Det er det eg legg dykk på hjarta, at de skal elska kvarandre. 18 Um verdi hatar dykk, so må de vita at ho hev hata meg fyre dykk. 19 Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg. 22 Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med. 23 Den som hatar meg, hatar og far min. 24 Hadde eg’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min. 25 Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.» 26 Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg. 27 Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.»

< Johannes 15 >