< Johannes 13 >

1 Det var straks fyre påskehøgtidi: Jesus visste at hans time var komen då han skulde fara burt frå denne verdi og heim til Faderen, og som han hadde elska sine eigne, som var i verdi, so elska han deim til enden. 2 Då dei heldt kveldverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen på Judas Simonsson Iskariot at han skulde svika honom, 3 og då Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hender, og at han var komen frå Gud og gjekk til Gud, 4 so reiser han seg frå bordet og legg av seg kjolen sin, og tek eit handklæde og batt um seg; 5 so slær han vatn i vaskarfatet og tok til å två føterne åt læresveinarne og turka dei med handklædet som han hadde bunde kring livet. 6 Han kjem då til Simon Peter, og han segjer til honom: «Herre, tvær du mine føter?» 7 Jesus svara honom so: «Kva det er eg gjer, veit du ikkje no, men du skal skyna det sidan.» 8 «Aldri i verdi skal du två mine føter, » segjer Peter. «Dersom eg ikkje tvær deg, hev du ingen ting i hop med meg, » svara Jesus. (aiōn g165) 9 Simon Peter segjer til honom: «Herre, ikkje berre føterne, men henderne og hovudet med!» 10 «Den som hev lauga seg, treng ikkje två anna enn føterne; elles er han heiltupp rein, » segjer Jesus; «og de er reine, men ikkje alle.» 11 Han visste kven som skulde svika honom; difor var det han sagde: «De er’kje reine alle.» 12 Då han no hadde tvege føterne deira og teke på seg kjolen sin og sett seg til bords att, sagde han til deim: «Skynar de kva det er eg hev gjort med dykk? 13 De kallar meg «Meister» og «Herre, » og det segjer sant; for det er eg. 14 Hev no eg, herren og meisteren, tvege føterne dykkar, so lyt de og två føterne åt kvarandre. 15 Det er eit mynster eg hev synt dykk; som eg gjorde med dykk, so skal de og gjera. 16 Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein ærendsvein er ikkje større enn den som hev sendt honom. 17 Veit de det, so er de sæle, so sant de gjer etter det. 18 Eg talar ikkje um dykk alle; eg veit kven eg valde ut; men det var so Skrifti skulde sannast: «Den som et mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.» 19 Eg segjer dykk det alt no, fyrr det hev hendt, so de, når det hender, skal tru at eg er den eg er. 20 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg, og den som tek imot meg, tek imot den som sende meg.» 21 Då Jesus hadde sagt det, vart han uppøst i åndi, og sagde sterkt og ålvorsamt: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Ein av dykk kjem til å svika meg!» 22 Læresveinarne såg på kvarandre og kunde ikkje skyna kven det var han meinte. 23 Ein av læresveinarne - den som Jesus elska - sat ved hans høgre sida. 24 Honom gjer Simon Peter eit teikn til, og segjer til honom: «Seg kven det er han meiner!» 25 Han bøygde seg då næmare innåt Jesus, og segjer til honom: «Herre, kven er det?» 26 «Det er han som eg gjev den biten eg no duppar i fatet, » svara Jesus. So duppar han biten, og tek og gjev honom til Judas Simonsson Iskariot. 27 Og då han hadde fenge biten, då for Satan i honom. So segjer Jesus til honom: «Gjer det snart, det du vil gjera!» 28 Men ingen av deim som sat med til bords, skyna kva han meinte med det han sagde til honom. 29 Sidan det var Judas som hadde kassa, tenkte sume at Jesus vilde segja som so: «Kjøp det me treng til høgtidi!» eller at han skulde gjeva noko til dei fatige. 30 Med det same Judas hadde teke mot biten, gjekk han ut. Det var natt. 31 Då han var gjengen, sagde Jesus: «No er Menneskjesonen herleggjord, og Gud er herleggjord i honom. 32 Er Gud herleggjord i honom, so skal Gud og herleggjera honom i seg sjølv, og han skal herleggjera honom snart. 33 Berre ei liti stund er eg endå hjå dykk, borni mine. De kjem til å leita etter meg, og som eg sagde til jødarne: «Dit eg gjeng, kann ikkje de koma, » so segjer eg no til dykk og. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: at de skal elska kvarandre; liksom eg hev elska dykk, so skal de og elska kvarandre. 35 På det skal alle skyna at de er mine læresveinar - på det at de hev kjærleik til kvarandre.» 36 Simon Peter segjer til honom: «Herre, kvar gjeng du av?» Jesus svara: «Dit eg gjeng, kann du ikkje fylgja meg no, men du skal fylgja meg sidan.» 37 «Kvi kann eg ikkje fylgja deg straks, Herre?» segjer Peter; «eg vil gjeva mitt liv for deg!» 38 «Vil du gjeva ditt liv for meg?» svara Jesus; «det segjer eg deg for visst og sant: Hanen skal ikkje gala fyrr du hev avneitta meg tri gonger.»

< Johannes 13 >