< Johannes 12 >

1 Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude. 2 Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom. 3 Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen. 4 So segjer Judas Iskariot, ein av læresveinarne hans, han som sidan sveik honom: 5 «Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?» 6 Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der. 7 Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min. 8 For dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.» 9 No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude. 10 Då lagde øvsteprestarne upp råd um å drepa Lasarus og; 11 for mange av jødarne gjekk for hans skuld dit og kom til å tru på Jesus. 12 Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem. 13 Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!» 14 Jesus fann seg eit ungt asen og sette seg på det, so som skrive stend: 15 «Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.» 16 I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom. 17 Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude. 18 Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet. 19 Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!» 20 Det var nokre grækarar der, av deim som jamleg for upp og tilbad på høgtidi; 21 dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!» 22 Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus. 23 Jesus svara deim so: «Timen er komen då Menneskjesonen skal herleggjerast! 24 Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda! 25 Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv. (aiōnios g166) 26 Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra. 27 No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi - 28 Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.» 29 Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom. 30 Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld. 31 No gjeng det dom yver denne verdi; no skal hovdingen yver denne verdi kastast ut. 32 Og når eg vert lyft upp frå jordi, skal eg draga alle åt meg.» 33 Det sagde han for å syna kva slag avferd han skulde få. 34 Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?» (aiōn g165) 35 Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av. 36 So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim. 37 Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom; 38 det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?» 39 Difor kunde dei ikkje tru; for ein annan stad hev Jesaja sagt: 40 «Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.» 41 So sagde Jesaja då han såg hans herlegdom og tala um honom. 42 Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga; 43 for dei heldt æra hjå menneski gjævare enn æra hjå Gud. 44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg, 45 og den som ser meg, ser honom som sende meg. 46 Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret. 47 Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi. 48 Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag. 49 For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala; 50 og eg veit at hans fyresegn er eit ævelegt liv. So talar eg då det som eg talar heiltupp so som Faderen hev sagt meg.» (aiōnios g166)

< Johannes 12 >