< Johannes 11 >

1 Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. 2 Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk. 3 Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!» 4 Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.» 5 Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus. 6 Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var; 7 då fyrst sagde han til læresveinarne sine: «Kom, lat oss fara til Judæa att!» 8 «Rabbi, » sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!» 9 «Er det’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi; 10 men den som gjeng um natti, han snåvar, av di han ikkje hev ljoset i seg.» 11 So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.» 12 «Herre, hev han sovna, so vert han nok god att, » sagde læresveinarne. 13 Jesus hadde meint at han var slokna; men dei tenkte han tala um vanleg svevn. 14 Då sagde Jesus reint ut: «Lasarus hev slokna! 15 Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!» 16 Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!» 17 Då Jesus kom fram, fekk han vita at Lasarus alt hadde lege fire dagar i gravi. 18 Betania låg ikkje langt frå Jerusalem, berre ein fjordung på lag, 19 og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren. 20 Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime. 21 Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt. 22 Men eg veit kor som er, at alt det du bed Gud um, det vil Gud gjeva deg.» 23 Jesus segjer til henne: «Bror din skal standa upp att.» 24 «Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag, » svara Marta. 25 Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr, 26 og kvar den som liver og trur på meg, skal i all æva ikkje døy. Trur du det?» (aiōn g165) 27 «Ja, Herre, » svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.» 28 Med so sagt gjekk ho av’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.» 29 Då ho høyrde det, reiste ho seg snøgt og gjekk ut til honom. 30 Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom. 31 Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der. 32 Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.» 33 Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde: 34 «Kvar hev de lagt honom?» - «Kom og sjå, Herre!» svara dei. 35 Jesus gret. 36 Då sagde jødarne: «Sjå kor kjær han hadde honom!» 37 Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?» 38 Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre. 39 «Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!» 40 Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!» 41 So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg! 42 Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.» 43 Då han det hadde sagt, ropa han med høg røyst: «Lasarus, kom ut!» 44 Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim. 45 Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom. 46 Nokre av deim gjekk til farisæarane og sagde deim kva Jesus hadde gjort. 47 Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn! 48 Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.» 49 Og ein av deim, Kajafas - han var øvsteprest det året - sagde til deim: 50 «De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.» 51 Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket, 52 og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring. 53 Frå den dagen lagde dei upp råd um å drepa honom. 54 Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine. 55 No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg. 56 Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?» 57 Men øvsteprestarne og farisæarane hadde gjeve påbod um at dersom nokon fekk vita kvar han var, skulde han segja frå, so dei kunde gripa honom.

< Johannes 11 >