< Jobs 40 >

1 Og Herren svara Job og sagde: 2 «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» 3 Då svara Job Herren og sagde: 4 «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. 5 Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ - eg gjer det ikkje meir.» 6 Og Herren svara Job or stormen og sagde: 7 «Spenn som mann ditt beltet på, gjev meg på mine spursmål svar: 8 Vil du forspille meg min rett, fordøma meg, so du fær rett? 9 Hev du vel slik ein arm som Gud? Kann du som han med røysti dundra? 10 Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom, 11 Lat so din vreide strøyma fram, sjå kvar ein stolt og audmyk han! 12 Så kvar ein stolt og bøyg han ned, og slå til jord dei gudlause! 13 Og gøym deim alle under jordi, bitt deira andlit fast i løynd! 14 So skal eg og lovprisa deg, som siger med di høgre vann. 15 Sjå elvhesten! Eg hev skapt han liksom deg; som ein ukse et han gras. 16 Sjå då krafti i hans lender, i bukmusklarne hans styrke! 17 Halen gjer han stiv som ceder, fast bogsenarne er tvinna. 18 Knokarne er koparrøyrer, beini som jarnstenger er. 19 Av Guds verk er han det fyrste, av sin skapar fekk han sverd. 20 Bergi ber åt honom for, alle villdyr leikar der. 21 Under lotusbusk han kviler, løyner seg i røyr og sev. 22 Lotusbusk gjev honom skugge, piletre umkransar honom. 23 Strid gjeng elvi, ei han ottast; trygg er han um so sjølve Jordan fossar imot hans gap. 24 Kann ein tak han so han ser det, draga snara gjenom snuten?

< Jobs 40 >