< Jobs 24 >
1 Kvi hev’kje Allvald tider set? Kvi ser hans vener ei hans dagar?
2 Dei fører deildesteinar burt, stel fe og sender det på beite,
3 tek asnet frå den faderlause; tek kui enkja eig i pant.
4 Driv fatigfolk frå vegen burt; alt landsens småfolk kryp i skjol;
5 Lik ville asen fer dei ut til øydemarki med sitt stræv; og veidefang på ville heid er maten borni deira fær.
6 Dei haustar mark ved nattetid, og gudlaus manns vinhage plundrar.
7 Um natti nakne, utan klæde, dei hev for kulden inkje dekkje.
8 Dei våte vert av regn på fjell, held seg i bergufs utan livd,
9 Ein farlaus lyt frå moderbarm ein armings klæde gjeng i pant.
10 Dei nakne gjeng og klædelause, i hunger dei på kornband dreg.
11 Dei kreistar olje innum murar, dei persar vin og tyrster lel.
12 Frå byen høyrest styn av menner, og gjenomstungne skrik um hjelp, men Gud ser ei slik meningsløysa.
13 Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg ei på ljossens stigar.
14 Ved dagsprett mordaren stend upp, slær arm og fatig mann i hel, um natti er han so som tjuven.
15 Horkaren spæjar etter skyming; han tenkjer: «Inkje auga ser meg.» Sitt andlit gøymer han med maska.
16 I myrkret bryt dei inn i hus, dei som ved dag seg inne stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.
17 Myrk natt er morgon for deim alle; for natteskræmslorne dei kjenner.
18 Snøgt fer han yver vatnet burt, bannstøytt vert jordi hans i landet; til vinberg gjeng han ikkje meir.
19 Som snøvatn kverv for turk og hite, so gløyper helheim deim som synda. (Sheol )
20 Av moderlivet gløymd han er, og makkar mettar seg på honom; det ingen er som minnest han; so brotsverk brest liksom eit tre.
21 Han plundra ho som ikkje fødde, som ufør var til barne-eign; mot enkja gjorde han’kje vel.
22 Men han styd valdsmann med si kraft, og dei fær atter standa upp som hadde mist all von um livet.
23 Han styd deim so dei liver trygt, hans augo vaktar deira vegar.
24 Høgt stig dei, brått - dei er’kje meir - dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som aks på strå.
25 Er det’kje so? Kven legg imot? Kven gjer no mine ord um inkje?»