< Jobs 17 >

1 Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att. 2 Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja. 3 Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva? 4 Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim. 5 Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på. 6 Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni. 7 Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge. 8 Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg. 9 Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann. 10 Men de - kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk. 11 Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på. 12 Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer. 13 Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng. (Sheol h7585) 14 Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!» 15 Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då? 16 Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.» (Sheol h7585)

< Jobs 17 >