< Jobs 11 >

1 Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde: 2 «Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett? 3 Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla? 4 Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.» 5 Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg, 6 og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi. 7 Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa? 8 Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du? (Sheol h7585) 9 Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv. 10 Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom? 11 Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting. 12 Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann. 13 Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breida 14 og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld, 15 då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje; 16 då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann. 17 Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe; 18 då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng. 19 Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast. 20 Men augo veiknar på dei vonde; dei hev’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»

< Jobs 11 >