< Jeremias 37 >

1 Og Sidkia Josiason vart konge etter Konja Jojakimsson, som Nebukadressar, Babel-kongen, hadde gjort til konge i Judalandet. 2 Men korkje han eller tenarane hans eller landslyden høyrde på Herrens ord, som han tala ved profeten Jeremia. 3 Og kong Sidkia sende Jehukal Selemjason og presten Sefanja Ma’asejason til profeten Jeremia med denne ordsendingi: «Bed for oss til Herren, vår Gud!» 4 Jeremia gjekk den-tid ut og inn millom folket, for dei hadde endå ikkje sett honom i fangehuset. 5 Og Faraos her var då faren ut frå Egyptarland. Og då kaldæarane, som kringsette Jerusalem, frette det, for dei burt frå Jerusalem. 6 Då kom Herrens ord til profeten Jeremia; han sagde: 7 So segjer Herren, Israels Gud: So skal de segja til Juda-kongen, som sende dykk av stad til å spyrja meg: Sjå, Faraos her, som er faren ut til å hjelpa dykk, vil snu um att til landet sitt, til Egyptarland. 8 Og kaldæarane skal og koma att og strida mot denne byen. Og dei skal taka honom og brenna honom upp i eld. 9 So segjer Herren: Dåra ikkje dykk sjølve med sofalne ord: «Kaldæarane fer no burt frå oss for ollo!» for dei fer ikkje burt. 10 For um de so slo i hel heile kaldæarheren som strider imot dykk, so det berre var att hjå dei nokre særde menner, då skulde dei risa upp i kvar si tjeldbud og brenna upp denne byen i eld. 11 So hende det då kaldæarheren for burt frå Jerusalem for Faraos her, 12 at Jeremia gjekk ut or Jerusalem og vilde til Benjaminslandet. Der skulde han taka imot ein arvlut midt ibland folket. 13 Men då han kom til Benjaminsporten, so var der ein vaktmann, og han heitte Jeria, son åt Selemja Hananjason. Han treiv i profeten Jeremia og sagde: «Du vil laupa burt til kaldæarane.» 14 Men Jeremia sagde: «Det er lygn, eg vil ikkje laupa burt til kaldæarane!» Men han høyrde ikkje på honom, og Jeria treiv i Jeremia og for med honom til hovdingarne. 15 Og hovdingarne harmast på Jeremia og slo honom. So sette dei honom i fengsel i huset åt riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort til fangehus. 16 Då Jeremia var komen i fangeholet, i kjellaren, og hadde sete der ei lang tid, 17 sende kong Sidkia bod og let henta honom, og kongen spurde honom i huset sitt i løynd og sagde: «Er det kome noko ord frå Herren?» Jeremia svara: «Ja, » og so sagde han: «Du skal verta gjeven i henderne på Babel-kongen.» 18 Dinæst sagde Jeremia med kong Sidkia: «Kva hev eg synda mot deg og mot tenarane dine og mot dette folket, sidan de hev sett meg i fangehuset? 19 Og kvar er no profetarne dykkar, som spådde åt dykk og sagde: «Babel-kongen skal ikkje koma yver dykk og yver dette landet?» 20 Og høyr no, herre konge! Å, lat mi bøn koma fram for di åsyn og send meg ikkje attende til huset åt riksskrivaren Jonatan, so eg ikkje skal døy der!» 21 Sidkia gav då påbod, og so sette dei Jeremia i varveitsla i vaktgarden og gav honom ein brødleiv um dagen frå Bakargata, til alt brødet var ende i byen. Jeremia vart då verande i vaktgarden.

< Jeremias 37 >