< Jakobs 2 >

1 Mine brør! Lat ikkje dykkar tru på vår Herre Jesus Kristus, den herleggjorde, hava det med seg, at de gjer skil på folk! 2 For um det kjem ein mann inn i dykkar samling med gullring på fingeren og i skinande klæde, men det og kjem ein fatigmann i skitne klæde, 3 og de ser på honom som hev den skinande klædnaden, og segjer til honom: «Set du deg her i god sess!» og de segjer til den fatige: «Statt du der, eller set deg nedfor fotskammelen min!» - 4 gjer de ikkje då skilnad hjå dykk sjølve og dømer etter vonde tankar? 5 Høyr no, mine kjære brør! Hev ikkje Gud valt ut dei fatige i denne verdi til å vera rike i tru og ervingar til det riket han hev lova deim som honom elskar? 6 Men de hev vanæra den fatige. Er det ikkje dei rike som trælkar dykk, og som dreg dykk fram for domstolarne? 7 Spottar ikkje dei det gode namnet som de er kalla med? 8 I sanning, um de uppfyller den kongelege lov etter skrifti: «Du skal elska din næste som deg sjølv, » so gjer de vel; 9 men gjer de skil på folk, so gjer de synd, og lovi refser dykk som lovbrjotarar. 10 For den som held heile lovi, men snåvar i ein ting, han hev vorte saka i alt. 11 For han som sagde: «Du skal ikkje driva hor, » han sagde og: «Du skal ikkje slå i hel.» Um du då ikkje driv hor, men slær i hel, so hev du vorte ein lovbrjotar. 12 Tala so og gjer so som dei som skal verta dømde etter fridoms lov! 13 For domen skal vera miskunnlaus yver den som ikkje hev gjort miskunn; men miskunn rosar seg mot domen. 14 Kva gagnar det, mine brør, um nokon segjer at han hev tru, når han ikkje hev gjerningar? Kann vel trui frelsa honom? 15 Um ein bror eller ei syster er nakne og vantar føda for dagen, 16 og ein av dykk segjer til deim: «Gakk i fred, verm dykk og et dykk mette!» men de ikkje gjev deim det som likamen treng, kva gagnar so det? 17 Soleis og med trui: hev ho ikkje gjerningar, so er ho daud i seg sjølv. 18 Men ein kann segja: «Du hev tru, og eg hev gjerningar. Syn meg di tru utan gjerningar, og eg skal syna deg mi tru av mine gjerningar! 19 Du trur at Gud er ein; du gjer rett. Djevlarne trur og det og skjelv.» 20 Og vil du vita det, du dårlege menneskje, at trui er nyttelaus utan gjerningar? 21 Abraham, vår far, vart ikkje han rettferdiggjord ved gjerningar, då han ofra Isak, son sin, på altaret? 22 Du ser at trui verka saman med hans gjerningar, og at trui vart fullkomi ved gjerningarne, 23 og skrifti vart uppfyllt, som segjer: «Men Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd, » og han vart kalla Guds ven. 24 De ser då, at eit menneskje vert rettferdiggjort ved gjerningar og ikkje berre ved tru. 25 Like eins og med skjøkja Rahab: vart ho ikkje rettferdiggjord ved gjerningar, då ho tok imot sendemennerne og slepte deim ut ein annan veg? 26 For liksom likamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar.

< Jakobs 2 >