< Esaias 4 >

1 Og på den dagen skal sju kvinnor triva i ein og same mann og segja: «Me vil sjølve både føda og klæda oss, berre me fær bera namnet ditt! Fri oss frå vanæra vår!» 2 På den dagen skal Herrens renning vera til pryda og herlegdom, og landsens frukt gild og fager for leivningen av Israel. 3 Og det skal vera soleis, at den som er att i Sion og etterleivd i Jerusalem, han skal kallast heilag, kvar og ein som er innskriven til liv i Jerusalem - 4 når Herren fær tvætta av ureinskapen hjå Sions døtter og reinsa blodskuldi ut or Jerusalem med doms-ande og reinsings-ande. 5 Og yver alt Sions-fjell og møtelydarne der skal Herren skapa ei sky og ein røyk um dagen og skinet av ein logande eld um natti; for yver all herlegdomen skal det vera ein kvelv. 6 Og ei hytta skal vera til livd mot dagsens hite og til vern og berging mot uver og regn.

< Esaias 4 >