< Esaias 26 >

1 På den dagen skal dei syngja denne songen i Judalandet: «Ein sterk by hev me. Frelsa set han til mur og vern. 2 Lat upp portarne, so der må få ganga inn eit rettferdigt folk, som varar truskap. 3 Åt den som er hugfast, varar du stendig fred; for på deg lit han. 4 Lit då på Herren allstødt! For Herren, Herren er eit æveleg berg. 5 For han gjer deim ringe som hev fest bu i høgddom, støyter ned den grunnfeste byen, sturtar han til jordi, heilt ned i moldi. 6 Føter trakka honom ned, føter av vesalmenn, fet av armingar. 7 Men vegen åt den rettferdige er jamn. Veg åt den rettferdige jamnar du.» 8 På dine domars veg ventar me deg, Herre. Namnet ditt og minnet ditt dreg vår sjæl. 9 Mi sjæl kjenner seg dregi til deg um natti; og åndi i meg leitar etter deg. For straks domarane dine råkar jordi, lærer jordbuarne rettferd. 10 Fær den gudlause nåde, so lærer han ikkje rettferd. Då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje. 11 Herre, høgt er handi di lyft, men dei ser det ikkje. Lat deim sjå brennhugen din for folket og skjemmast. Ja, eld øydde uvenerne dine! 12 Herre, du skal hjelpa oss til fred. For alle verki våre hev du verka. 13 Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss. Einast ved deg prisar me namnet ditt. 14 Daude livnar ikkje, skuggar stend ikkje upp. Difor heimsøkjer og øydelegg du deim og gjer til inkjes minnet um deim. 15 Du auka folket, Herre! Du auka folket, og synte deg herleg. Du hev flytt alle grensesteinarne åt landet langt ut. 16 Herre, i naudi leita dei etter deg. Dei sende upp stille bøner, då refsingi kom yver deim. 17 Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i riderne når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre. 18 Me var med barn, me hadde rider; då me fødde, var det vind. Berging har me ikkje til landet, og jordbuar vart ikkje fødde. 19 Dine daude skal verta livande, mine lik skal standa upp. Vakna og fegnast, de som bur i moldi. For ei ljossens dogg er di dogg; og jordi føder daudingar av seg. 20 Gakk då, mitt folk, inn i kovarne dine, og lat att dørerne etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver. 21 For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuarne for deira misgjerder skuld, og jordi skal syna fram sitt utrende blod og ikkje meir dylja sine drepne.

< Esaias 26 >