< Hoseas 14 >

1 Vend um, du Israel, til Herren, din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall. 2 Tak med dykk ord, og vend um til Herren! Seg til honom: «Forlat all misgjerning og tak imot det som godt er, lat oss betala med uksar - med våre lippor! 3 Assur skal ikkje frelsa oss. På hestar skal me ikkje rida. Og ikkje meir skal me segja: «Vår Gud!» til det som henderne våre hev gjort. For hjå deg er det at den faderlause fær miskunn.» 4 Ja, deira fråfall vil eg lækja. Eg vil elska deim av fri hug, av di vreiden min hev vendt seg ifrå deim. 5 Eg skal vera som dogg for Israel. Bløma skal han som ei lilja, og røtast skal han som Libanon. 6 Renningarne hans skal spreida seg, og skal vera som eit oljetre i fagerleik, og anga som Libanon. 7 Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet. Minnet um honom skal vera som vin ifrå Libanon. 8 Men du, Efraim! Kva skal eg med avgudarne meir? Eg bønhøyrer og ser til honom. Eg er som eit grønt cypresstre. Frå meg skal di frukt vera å finna. 9 Den som er vis, han agte på dette, den som er vitug, merke seg det! For Herrens vegar er rette, og rettvise ferdast på deim, men illgjerdsmenner stuper på deim.

< Hoseas 14 >