< Hoseas 14 >

1 Vend um, du Israel, til Herren, din Gud! For med di misgjerning hev du ført deg i fall.
שובה ישראל עד יהוה אלהיך כי כשלת בעונך׃
2 Tak med dykk ord, og vend um til Herren! Seg til honom: «Forlat all misgjerning og tak imot det som godt er, lat oss betala med uksar - med våre lippor!
קחו עמכם דברים ושובו אל יהוה אמרו אליו כל תשא עון וקח טוב ונשלמה פרים שפתינו׃
3 Assur skal ikkje frelsa oss. På hestar skal me ikkje rida. Og ikkje meir skal me segja: «Vår Gud!» til det som henderne våre hev gjort. For hjå deg er det at den faderlause fær miskunn.»
אשור לא יושיענו על סוס לא נרכב ולא נאמר עוד אלהינו למעשה ידינו אשר בך ירחם יתום׃
4 Ja, deira fråfall vil eg lækja. Eg vil elska deim av fri hug, av di vreiden min hev vendt seg ifrå deim.
ארפא משובתם אהבם נדבה כי שב אפי ממנו׃
5 Eg skal vera som dogg for Israel. Bløma skal han som ei lilja, og røtast skal han som Libanon.
אהיה כטל לישראל יפרח כשושנה ויך שרשיו כלבנון׃
6 Renningarne hans skal spreida seg, og skal vera som eit oljetre i fagerleik, og anga som Libanon.
ילכו ינקותיו ויהי כזית הודו וריח לו כלבנון׃
7 Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet. Minnet um honom skal vera som vin ifrå Libanon.
ישבו ישבי בצלו יחיו דגן ויפרחו כגפן זכרו כיין לבנון׃
8 Men du, Efraim! Kva skal eg med avgudarne meir? Eg bønhøyrer og ser til honom. Eg er som eit grønt cypresstre. Frå meg skal di frukt vera å finna.
אפרים מה לי עוד לעצבים אני עניתי ואשורנו אני כברוש רענן ממני פריך נמצא׃
9 Den som er vis, han agte på dette, den som er vitug, merke seg det! For Herrens vegar er rette, og rettvise ferdast på deim, men illgjerdsmenner stuper på deim.
מי חכם ויבן אלה נבון וידעם כי ישרים דרכי יהוה וצדקים ילכו בם ופשעים יכשלו בם׃

< Hoseas 14 >