< Hoseas 13 >

1 Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde.
כדבר אפרים רתת נשא הוא בישראל ויאשם בבעל וימת
2 Og no held dei på med si synd. Og dei gjer seg støypte bilæte av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman. Til slike talar dei. Menneskjeslagtarar kysser kalvar.
ועתה יוספו לחטא ויעשו להם מסכה מכספם כתבונם עצבים מעשה חרשים כלה להם הם אמרים זבחי אדם עגלים ישקון
3 Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden fyk burt ifrå treskjarstaden, og liksom røyk or ein ljore.
לכן יהיו כענן בקר וכטל משכים הלך כמץ יסער מגרן וכעשן מארבה
4 Men eg er Herren, din Gud, alt frå Egyptarland. Nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av. Og nokon annan frelsar enn eg finst ikkje.
ואנכי יהוה אלהיך מארץ מצרים ואלהים זולתי לא תדע ומושיע אין בלתי
5 Det var eg som kjendest ved deg i øydemarki, i det turre landet.
אני ידעתיך במדבר--בארץ תלאבות
6 Etter som beitet deira var, vart dei mette. Då dei var mette, vart dei høge i sin hug. Difor gløymde dei meg.
כמרעיתם וישבעו--שבעו וירם לבם על כן שכחוני
7 Då vart eg deim liksom ei løva. Som ein pantar lurer eg innmed vegen.
ואהי להם כמו שחל--כנמר על דרך אשור
8 Eg kjem yver deim som ei binna som dei hev teke ungarne ifrå, og riv sund bringa deira. Eg gløypar deim som ei løvemor. Villdyr skal slita deim sund.
אפגשם כדב שכול ואקרע סגור לבם ואכלם שם כלביא חית השדה תבקעם
9 Du hev tynt deg, Israel, med di du er imot meg, di hjelp.
שחתך ישראל כי בי בעזרך
10 Kvar er no kongen din, at han kann syta for frelsing åt deg i alle byarne dine? Og kvar hev du domarane dine, som du sagde um: «Lat meg få konge og hovdingar?»
אהי מלכך אפוא ויושיעך בכל עריך ושפטיך--אשר אמרת תנה לי מלך ושרים
11 Ja, ein konge skal eg gjeva deg i min vreide, og so tek eg honom burt i min harm.
אתן לך מלך באפי ואקח בעברתי
12 Samanbundi er misgjerningi hans Efraim, og syndi hans gøymd.
צרור עון אפרים צפונה חטאתו
13 Rider som hjå ei fødande kvinna skal koma yver honom. Han er ein son som ikkje er vis. For når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.
חבלי יולדה יבאו לו הוא בן לא חכם כי עת לא יעמד במשבר בנים
14 Or helheims vald vil eg fria deim, frå dauden vil eg løysa deim ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er di tyning, du helheim? Anger er løynd for augo mine. (Sheol h7585)
מיד שאול אפדם ממות אגאלם אהי דבריך מות אהי קטבך שאול--נחם יסתר מעיני (Sheol h7585)
15 For han, millom brørne sine stend han lavande av frukt; det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki. Då turkar brunnen hans upp, og kjelda hans tryt. Han ranar skatten, alle slag kostnadting.
כי הוא בין אחים יפריא יבוא קדים רוח יהוה ממדבר עלה ויבוש מקורו ויחרב מעינו--הוא ישסה אוצר כל כלי חמדה
16 Bøta skal Samaria, av di det hev vore tråssugt imot sin Gud. For sverd skal dei falla, småborni deira skal verta krasa, og dei kvinnor som er med barn, skal ristast upp.
תאשם שמרון כי מרתה באלהיה בחרב יפלו--עלליהם ירטשו והריותיו יבקעו

< Hoseas 13 >