< Hebreerne 7 >

1 For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom, 2 som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge, 3 som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid. 4 Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget! 5 Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend. 6 Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne. 7 Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre. 8 Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver. 9 Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend; 10 for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes. 11 Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis? 12 For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi. 13 For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret. 14 Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar. 15 Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek, 16 ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft. 17 For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.» (aiōn g165) 18 For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaust 19 - for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med. 20 Og so visst som det ikkje vart gjort utan eid 21 - for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» - (aiōn g165) 22 so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for. 23 Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved. 24 Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid. (aiōn g165) 25 Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim. 26 For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne, 27 ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva. (aiōn g165)

< Hebreerne 7 >