< Hebreerne 6 >

1 Difor vil me springa yver barnelærdomen um Kristus og skrida fram til det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud, 2 med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom. (aiōnios g166) 3 Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det. 4 For det er umogelegt at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande 5 og smaka Guds gode ord og krafterne av den komande verdi (aiōn g165) 6 og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, sidan dei på nytt krossfester Guds son for seg og gjer honom til spott. 7 For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber gagnleg grøda åt deim som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud; 8 men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend. 9 Men um dykk, kjære vener, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, um me og talar soleis. 10 For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage. 11 Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihuge for den fulle vissa i voni alt til enden, 12 so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter deim som ved tru og tolmod erver lovnaderne. 13 For då Gud gav Abraham lovnaden, og han ingen større hadde å sverja ved, so svor han ved seg sjølv 14 og sagde: «Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera deg storleg mangfaldig.» 15 Og soleis vann han lovnaden, då han hadde venta med tolmod. 16 For menneskje sver ved ein større, og eiden er deim ein ende på all motsegn til stadfesting. 17 Difor lagde Gud ein eid til, då han enn meir vilde syna ervingarne til lovnaden kor ubrigdeleg hans vilje var, 18 so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss, 19 den me hev som eit anker for sjæli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget, 20 der Jesus gjekk inn som fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid. (aiōn g165)

< Hebreerne 6 >