< Hebreerne 3 >

1 Difor, heilage brør, som er luthavande i eit himmelsk kall! sjå på den apostel og øvsteprest som me kjennest ved, Jesus, 2 han som var tru mot den som gjorde honom dertil, liksom og Moses var i heile hans hus! 3 For denne er halden so mykje større æra verd enn Moses, som den som hev bygt huset, hev større æra enn huset sjølv. 4 Kvart hus er det einkvan som byggjer, men den som hev bygt alt, det er Gud. 5 Og Moses var vel tru i heile hans hus som ein tenar til å vitna um det som skulde verta tala, 6 men Kristus stend som son yver huset hans; og hans hus er me, so framt me held vårt frimod og den voni me rosar oss av, fast alt til enden. 7 Difor, som den Heilage Ande segjer: «I dag, um de høyrer hans røyst, 8 so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden på freistingsdagen i øydemarki, 9 der federne dykkar freista meg; dei prøvde meg, endå dei såg mine gjerningar i fyrti år. 10 Difor harmast eg på denne ætti og sagde: «Dei fer alltid vilt i hjarta; » men dei kjende ikkje mine vegar, 11 so eg svor i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila!»» 12 Sjå til, brør, at det ikkje i nokon av dykk skal vera eit vondt, vantruande hjarta, so han fell frå den livande Gud! 13 Men påminn kvarandre kvar dag, so lenge som det heiter: «i dag», so ikkje nokon av dykk skal verta forherd ved dåring av syndi! 14 For me hev fenge lut med Kristus, so framt me held vår fyrste fulle vissa fast til enden. 15 Når det vert sagt: «I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje dykkar hjarto som på argingsstaden, » 16 kven var då dei som høyrde og arga honom? Var det ikkje alle dei som gjekk ut or Egyptarland ved Moses? 17 Men kven var det han harmast på i fyrti år? var det ikkje på deim som hadde synda, so deira kroppar fall i øydemarki? 18 Og kven var det han svor um, at dei ikkje skulde koma inn til hans kvila, utan um deim som var vantruande? 19 So ser me då at dei ikkje kunde koma inn for vantru skuld.

< Hebreerne 3 >