< 1 Mosebok 47 >

1 So kom Josef med bod um dette til Farao og sagde: «Far min og brørne mine hev kome hit frå Kana’ans-land med bufeet sitt, både smått og stort, og med alt det dei eig; og no er dei i Gosenland.» 2 Og av alle brørne sine tok han ut fem mann, og leidde deim fram for Farao. 3 Og Farao spurde brørne hans: «Kva hev de til liveveg?» Då sagde dei med Farao: «Tenarane dine er fehyrdingar, og det same var federne våre. 4 Me vilde gjerne halda til her i landet, » sagde dei til Farao; «for det finst ikkje beite for buskapen vår, av di det er eit svært uår i Kana’ans-land. Lat difor tenarane dine få bu i Gosenlandet!» 5 Då sagde Farao med Josef: «Far din og brørne dine hev kome hit til deg. 6 Du hev heile Egyptarland fyre deg! Lat far din og brørne dine få bu i den beste luten av landet! Dei kann få bu i Gosenlandet. Og veit du um at det er dugande karar imillom deim, so set deim til rådsmenner yver bufeet mitt!» 7 Og Josef henta Jakob, far sin, og leidde honom fram for Farao. Og Jakob helsa Farao. 8 Og Farao spurde Jakob: «Kor mange er dine livedagar og år?» 9 Då sagde Jakob med Farao: «Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine livedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som livedagarne og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.» 10 Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel liva med Farao. 11 Og Josef let far sin og brørne sine få seg bustader, og gav deim jord i Egyptarland, i den beste bygdi i landet, Ramseslandet, so som Farao hadde sagt honom fyre. 12 Og Josef sytte for brød åt far sin og brørne sine og alt farsfolket sitt, og gav deim etter som dei hadde mange born til. 13 Og det fanst ikkje brød på heile jordi. For naudi var ovleg stor, og både Egyptarlandet og Kana’ans-landet var reint avmagta av svolten. 14 Og Josef samla alle dei pengar som fanst i Egyptarland og i Kana’ans-land; han fekk deim for kornet han selde. Og Josef gøymde pengarne i huset åt Farao. 15 So traut pengarne både i Egyptarland og i Kana’ans-land. Då kom alle egyptarane til Josef og sagde: «Gjev oss brød! Skal me døy for augo dine, berre av di me ikkje hev fleire pengar?» 16 Og Josef sagde: «Kom med bufeet dykkar, so skal eg gjeva dykk brød for bufeet, um de ikkje hev fleire pengar.» 17 So kom dei til Josef med bufeet sitt, og Josef gav deim brød for hestarne og for sauerne og nauti som dei hadde, og for asni; og han heldt deim med brød det året for alt bufeet deira. 18 So leid det året, og året etter kom dei til honom og sagde med honom: «Me vil ikkje dylja for deg, herre, at pengarne hev trote, og buskapen vår hev du fenge. Me hev ikkje anna att å bjoda deg enn kroppen og jordi vår. 19 Kvi skal me tynast for augo dine, både me og jordi vår? Kjøp du oss og gardarne våre for brød, so skal me med gardarne våre vera trælar under Farao. Lat oss berre få såkorn, so me kann halda livet og ikkje døy burt, og so gardarne ikkje skal øydast.» 20 So kjøpte Josef all jord i Egyptarland til Farao; for egyptarane selde mannjamt jordvegarne sine, av di svolten tvinga deim; og Farao vart eigande all jord i landet. 21 Og han let folket byta bustad grend for grend i heile Egyptarland, frå ende til annan. 22 Berre prestegardarne kjøpte han ikkje. For prestarne hadde ei viss innkoma av Farao og livde av det som Farao hadde etla deim. Difor selde dei ikkje gardarne sine. 23 Og Josef sagde til folket: «Sjå no hev eg kjøpt både dykk og jordi dykkar til Farao. Her hev de såkorn: så no åkrarne! 24 Men av det de haustar, skal de gjeva femteparten til Farao, og dei fire partarne skal de hava til å så åkrarne med, og til mat for dykk sjølve og deim som er i husi hjå dykk, og til mat for borni dykkar.» 25 Då sagde dei: «Du hev berga livet vårt. Vil berre du vera god mot oss, so vil me gjerne vera trælar under Farao.» 26 So sette Josef ei lov, som er gjeldande den dag i dag, at all jord i Egyptarland skulde svara femteparten av avlen i skatt til Farao. Berre prestejordi kom ikkje under Farao. 27 Israel vart buande i Egyptarland, i Gosenlandet, og dei fekk seg eigedomar der, og voks og auka seg uhorveleg. 28 Og Jakob livde syttan år i Egyptarland, og dagarne hans Jakob, liveåri hans, vart hundrad og sju og fyrti år. 29 Då det leid med Israel, og han venta på enden, sende han bod etter Josef, son sin, og sagde med honom: «Kjære deg, held du aldri so lite av meg, so legg handi di i fanget mitt, og lova meg at du vil vera snild og trugen med meg og ikkje jorda meg i Egyptarland. 30 Lat meg få kvila hjå federne mine! Før meg burt frå Egyptarland, og jorda meg i gravi deira!» Og han svara: «Eg skal gjera som du segjer.» 31 Då sagde Israel: «Gjer eiden på det!» So gjorde han eiden på det. Og Israel lutte seg ned yver hovudgjerdi og bad.

< 1 Mosebok 47 >