< Esekiel 35 >

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde: 2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Se’irfjellet og spå imot det. 3 Og du skal segja med det: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Se’irfjell, og eg vil retta ut mi hand imot deg og leggja deg i audn og øyde. 4 Byarne dine vil eg gjera til steinrøysar, og du sjølv skal verta ei audn. Og du skal sanna at eg er Herren. 5 Etter di du ber på ein æveleg fiendskap og let Israels-borni koma under sverds-egg i deira usæletid, den tidi då misgjerningi laut enda, 6 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, til blod vil eg gjera deg, og blod skal søkja på deg. Sidan du ikkje hev hata blod, so skal blod søkja på deg. 7 So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande. 8 Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd. 9 Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byarne dine skal ikkje atter verta bustader, og de skal sanna at eg er Herren. 10 For di du sagde: «Båe folki og båe landi skal verta mine, og eg vil taka deim til eiga, » endå Herren hev vore der, 11 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, vil eg gjera med deg etter den vreiden og ovundi som du hev synt i ditt hat imot deim, og eg skal verta kjend hjå deim når eg dømer deg. 12 Og du skal sanna at eg Herren. Eg hev høyrt alle hæde-ordi dine, som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sagde: «Dei er i øyde lagde! dei er gjevne åt oss til mat.» 13 Og de hev bruka munnen mot meg i ovmod og var ordrame mot meg; eg hev nok høyrt det. 14 So segjer Herren, Herren: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde. 15 Likeins som du fagna deg yver arvluten åt Israels-lyden, at han vart avøyd, so vil eg gjera med deg; til audn skal du verta, du Se’irfjell, og alt Edom - alt i hop, og dei skal sanna at eg er Herren.

< Esekiel 35 >