< Esekiel 14 >

1 Og det kom til meg nokre av styresmennerne i Israel og sette seg for mi åsyn.
Then came certain of the elders of Israel to me, and sat before me.
2 Og Herrens ord til meg; han sagde:
The word of YHWH came to me, saying,
3 Menneskjeson! Desse mennerne hev teke dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og det som er støytestein og fører deim til misgjerning, hev dei sett framfor si åsyn: skulde eg lata deim spyrja meg?
"Son of man, these men have taken their idols into their heart, and put the stumbling block of their iniquity before their face: should I be inquired of at all by them?
4 Difor, tala til deim og seg med deim: So segjer Herren, Herren: Ein og kvar av Israels-lyden som tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten, honom vil eg, Herren, gjeva svar som høver honom med dei mange ufysne avgudarne hans,
Therefore speak to them, and tell them, 'Thus says YHWH: "Every man of the house of Israel who takes his idols into his heart, and puts the stumbling block of his iniquity before his face, and comes to the prophet; I YHWH will answer him in it according to the multitude of his idols;
5 so eg kann gripa Israels-lyden i deira hjarta, for di dei alle saman hev vendt seg frå meg med dei ufysne avgudarne sine.
that I may take the house of Israel in their own heart, because they are all estranged from me through their idols."'
6 Difor, seg med Israels-lyden: So segjer Herren, Herren: Vend um og vend dykk burt frå dei ufysne avgudarne dykkar, og vend dykkar åsyn burt frå alle styggjorne dykkar!
"Therefore tell the house of Israel, 'Thus says YHWH: "Return, and turn yourselves from your idols; and turn away your faces from all your abominations.
7 For kvar og ein av Israels-lyden - eller av framande som bur i Israel - som skil seg frå meg og tek dei ufysne avgudarne sine upp i sitt hjarta, og set framfor si åsyn det som er støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten og ved honom vil spyrja meg, honom vil eg, Herren, sjølv svara;
For everyone of the house of Israel, or of the strangers who live in Israel, who separates himself from me, and takes his idols into his heart, and puts the stumbling block of his iniquity before his face, and comes to the prophet to inquire for himself of me; I YHWH will answer him by myself:
8 og eg vil setja mi åsyn mot den mannen og tyna honom og gjera honom til eit teikn og eit ordtøke og rydja honom ut or mitt folk. Og de skal sanna at eg er Herren.
and I will set my face against that man, and will make him an astonishment, for a sign and a proverb, and I will cut him off from the midst of my people; and you shall know that I am YHWH.
9 Og når profeten let seg lokka og talar eit ord, so hev eg, Herren, lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot honom og øyda honom ut or mitt folk Israel.
"'"If the prophet is deceived and speaks a word, I, YHWH, have deceived that prophet, and I will stretch out my hand on him, and will destroy him from the midst of my people Israel.
10 Og dei skal bera si misgjerning; likeins som med misgjerningi åt spyrjaren skal det vera med misgjerningi åt profeten,
They shall bear their iniquity: the iniquity of the prophet shall be even as the iniquity of him who seeks him;
11 so Israels-lyden ikkje meir skal villast burt frå meg og ikkje meir sulka seg med alle sine misgjerningar. Men dei skal vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud, segjer Herren, Herren.
that the house of Israel may go no more astray from me, neither defile themselves any more with all their transgressions; but that they may be my people, and I may be their God," says YHWH.'"
12 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:
The word of YHWH came to me, saying,
13 Menneskjeson! Når eit land syndar mot meg og fer med svik, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brødstaven for det og sender svolt i det og ryd ut or det folk og fe,
"Son of man, when a land sins against me by committing a trespass, and I stretch out my hand on it, and break the staff of its bread, and send famine on it, and cut off from it man and animal;
14 og desse tri menner vøre der: Noah og Daniel og Job, då skulde dei med si rettferd berre berga si eigi sjæl, segjer Herren, Herren.
though these three men, Noah, Daniel, and Job, were in it, they should deliver but their own souls by their righteousness, says YHWH."
15 Og um eg let udyr fara gjenom landet og gjera det folketomt, so det vart likt ei øydemark, at ingen kunde ferdast der berre for udyri,
"If I cause evil animals to pass through the land, and they ravage it, and it be made desolate, so that no man may pass through because of the animals;
16 då skulde, so sant som eg liver, segjer Herren, Herren, desse tri mennerne, um dei vøre der, korkje berga søner eller døtter; dei åleine skulde verta berga, men landet verta ei øydemark.
though these three men were in it, as I live," says YHWH, "they should deliver neither sons nor daughters; they only should be delivered, but the land should be desolate.
17 Eller um eg let sverd koma yver det landet og sagde: «Sverd skal fara gjenom landet, » og eg rudde ut or det folk og fe,
"Or if I bring a sword on that land, and say, 'Sword, go through the land'; so that I cut off from it man and animal;
18 og desse tri mennerne vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga søner og døtter, berre dei åleine skulde verta berga.
though these three men were in it, as I live, says YHWH, they should deliver neither sons nor daughters, but they only should be delivered themselves.
19 Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod til å rydja ut or det folk og fe,
"Or if I send a pestilence into that land, and pour out my wrath on it in blood, to cut off from it man and animal;
20 og Noah og Daniel og Job vøre der - so sant som eg liver, segjer Herren, Herren - dei skulde ikkje berga son eller dotter; dei skulde, ved si rettferd, berga berre si eigi sjæl.
though Noah, Daniel, and Job, were in it, as I live, says YHWH, they could not save either son nor daughter; they would save only their own souls by their righteousness.
21 For so segjer Herren, Herren: Enn når eg då sender dei fire øgjelege straffedomarne mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!
"For thus says YHWH: 'How much more when I send my four severe judgments on Jerusalem, the sword, and the famine, and the evil animals, and the pestilence, to cut off from it man and animal.
22 Men sjå, det vert leivt nokre undankomne, som vert burtførde, søner og døtter - sjå, dei skal fara til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg førde yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.
Yet, look, there shall be left a remnant that shall be carried forth, both sons and daughters: look, they shall come forth to you, and you shall see their way and their doings; and you shall be comforted concerning the evil that I have brought on Jerusalem, even concerning all that I have brought on it.
23 Og dei skal trøysta dykk, når de ser deira åtferd og gjerningar. Då skal de skyna at eg ikkje utan grunn hev gjort alt det eg hev gjort imot det, segjer Herren, Herren.
They shall comfort you, when you see their way and their doings; and you shall know that I have not done without cause all that I have done in it,' says YHWH."

< Esekiel 14 >