< Amos 7 >

1 Soleis let Herren, Herren meg sjå: Det var ein som skapa grashoppar då håi for til og spratt, det var håi etter kongens slått. 2 Og då dei var ferdige reint med å eta upp grøda i landet, då sagde eg: «Herre, Herre, tilgjev! Kor gjeng det no med Jakob som liten er?» 3 Då angra Herren det. «Det skal ikkje henda, » sagde Herren. 4 Soleis let Herren, Herren, meg sjå: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Herren, og han åt det store djupet han nærpå åt åkerlandet med. 5 Då sagde eg: «Herre, Herre, haldt upp! Kor gjeng det med Jakob som liten er?» 6 Då angra Herren det. «Ikkje dette heller skal henda», sagde Herren, Herren. 7 Soleis let han meg sjå: Eg såg Herren standa på ein loddmur med blylodd i handi. 8 Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no. 9 Isaks haugar skal tynast, og Israels heilagdomar herjast, mot Jeroboams hus eg ris upp med sverd.» 10 Men Amasja, presten i Betel, sende bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: «Amos emnar på uppreist imot deg midt i Israels hus. Landet kann ikkje greida all røda hans. 11 For soleis talar Amos: «Jeroboam skal døy for sverd, og Israel førast burt frå sitt land.»» 12 Og Amasja sagde til Amos: «Du sjåar, burt med deg! Far din veg til Judalandet! Der kann du tena ditt brød, og der kann du vera profet! 13 I Betel skal du ikkje driva lenger som profet, for det er kongeleg heilagdom og rikstempel her.» 14 Då svara Amos Amasja so: «Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein, ein hyrding er eg, og steller med morbærtre. 15 Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sagde til meg: «Gakk og ver profet for mitt folk Israel!» 16 Og no skal du høyra ordet frå Herren. So segjer du: «Ver ikkje profet for Israel. Og ikkje du preike mot Isaks hus!» 17 Difor so talar Herren: Di kona vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, med mælesnor vert gjordet ditt bytt, du sjølv i eit ureint land skal døy, og Israel førast burt frå sitt land.»

< Amos 7 >