< Apostlenes-gjerninge 21 >

1 Då me hadde rive oss frå deim og siglt av stad, kom me beinleides til Kos, næste dagen til Rodus og derifrå til Patara. 2 Der fann me eit skip som skulde fara yver til Fønikia, og me gjekk då um bord og siglde av stad. 3 Då me fekk Kypern i syne og hadde late henne etter oss på vinstre handi, siglde me til Syria og lagde åt ved Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen. 4 Me leita då upp læresveinarne og vart verande der sju dagar; dei sagde ved Anden til Paulus, at han ikkje skulde fara upp til Jerusalem. 5 Då me hadde vore der dei dagarne ut, drog me derifrå og for lenger, og dei fylgde oss alle med kvinnor og born radt utanfor byen. So fall me på kne på strandi og bad; 6 og då me hadde sagt kvarandre farvel, gjekk me um bord på skipet; men dei andre vende heim att. 7 Me fullenda no sjøferdi og kom frå Tyrus til Ptolemais; der helsa me på brørne og vart ein dag yver hjå deim. 8 Dagen etter drog me derifrå og kom til Cæsarea; der tok me inn til evangelisten Filip, som var ein av dei sju, og vart verande hjå honom. 9 Han hadde fire ugifte døtter som hadde profetgåva. 10 Då me vart der fleire dagar, kom det ned frå Judæa ein profet med namnet Agabus. 11 Han kom til oss og tok Paulus’ belte og batt seg sjølv på hender og føter og sagde: «So segjer den Heilage Ande: «Den mannen som eig dette beltet, skal jødarne binda soleis i Jerusalem og gjeva honom yver i henderne på heidningarne.»» 12 Då me høyrde dette, bad både me og dei som der budde, at han ikkje måtte fara upp til Jerusalem. 13 Men Paulus svara: «Kvifor græt de og slit hjarta mitt sund? Eg er reidbuen ikkje berre til å verta bunden, men og til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.» 14 Men då han ikkje var til å få yvertald, vart me stille og sagde: «Herrens vilje råde!» 15 Då desse dagarne var lidne, gjorde me oss ferdige og for upp til Jerusalem, 16 og nokre av læresveinarne i Cæsarea fylgde og med oss, og dei førde oss til ein som me skulde bu hjå, Mnason frå Kypern, ein gamall læresvein. 17 Då me kom til Jerusalem, fagna brørne oss med gleda. 18 Andre dagen gjekk Paulus med oss til Jakob, og alle dei eldste kom dit. 19 Og då han hadde helsa på deim, fortalde han det eine etter det andre av det som Gud hadde gjort hjå heidningarne ved hans tenesta. 20 Då dei høyrde det, lova dei Gud; og so sagde dei til honom: «Du ser, bror, kor mange tusund det er av jødar som hev teke ved trui, og alle hev dei stor ihuge for lovi. 21 Men dei hev spurt um deg, at du ute millom hedningarne lærer alle jødar fråfall frå Moses, med di du segjer at dei ikkje skal umskjera borni sine eller liva etter dei gamle sedvanarne. 22 Kva er då å gjera? Det vil i vissa koma ei stor mengd saman; for dei vil få høyra at du er komen. 23 Gjer no difor som me segjer deg! Der er millom oss fire menner som hev ein lovnad på seg. 24 Tak deim med deg og lat deg reinsa saman med deim, og ber du kostnaden for deim, so dei må kunna raka hovudet; so kann alle skyna at det er ingen ting i det som dei hev høyrt um deg, men at du og ferdast so at du held lovi. 25 Men um dei heidningarne som hev teke trui, hev me sendt brev og avgjort at dei ikkje skal halda noko slikt, men berre vara seg for avgudsoffer og blod og det strøypte og hor.» 26 Då tok Paulus mennerne med seg og let seg dagen etter reinsa saman med deim og gjekk inn i templet og vilde melda utgangen av reinsingsdagarne, då offeret skulde verta framført for kvar av deim. 27 Då det so leid mot enden av dei sju dagarne, fekk jødarne frå Asia sjå honom i templet, og dei øste upp heile hopen og lagde hand på honom, 28 medan dei skreik: «Israelitiske menner, kom til hjelp! Dette er det menneskjet som alle stader lærer alle imot folket og lovi og denne staden, og han hev jamvel ført grækarar inn i templet og vanhelga denne heilage staden.» 29 For dei hadde fyrr set Trofimus frå Efesus saman med honom ute i byen, og so tenkte dei at Paulus hadde ført honom inn i templet. 30 Og det vart røra i heile byen og samanstrøyming av folket, og dei tok fat på Paulus og drog honom utanfor templet, og straks vart dørerne stengde. 31 Medan dei heldt på og vilde slå honom i hel, gjekk det melding upp til den øvste hovudsmannen for vakti, at heile Jerusalem var i ei røra. 32 Han tok straks hermenner og hovudsmenner og skunda seg ned til deim. Men då dei såg den øvste hovudsmannen og hermennerne, heldt dei upp med å slå Paulus. 33 Då kom den øvste hovudsmannen burt til honom og let deim gripa honom, og baud at han skulde verta bunden med tvo lekkjor; og han spurde kven han var, og kva han hadde gjort. 34 Men den eine i hopen ropa det, og den andre det; og då han ikkje retteleg kunde få vissa for ståket skuld, baud han at han skulde førast inn i borgi. 35 Då han kom upp til troppestigi, vart det so at hermennerne laut bera honom, so ustyrleg var hopen; 36 for folkehopen fylgde med og skreik: «Drep honom!» 37 Då Paulus skulde førast inn i borgi, sagde han til den øvste hovudsmannen: «Må eg få segja noko til deg?» Han svara: «Kann du græsk? 38 So er du då ikkje den egyptaren som gjorde upprør for ei tid sidan og førde dei fire tusund mordarar ut i øydemarki?» 39 Då sagde Paulus: «Eg er ein jøde frå Tarsus, borgar av ein ikkje ukjend by i Kilikia. Men eg bed deg: Gjev meg lov å tala til folket!» 40 Då han gav honom lov, stelte Paulus seg i troppi og slo til ljod åt folket med handi. Då det vart reint stilt, tala han til deim på det hebraiske målet og sagde:

< Apostlenes-gjerninge 21 >