< Apostlenes-gjerninge 19 >

1 Medan Apollos var i Korint, hende det at Paulus kom til Efesus, etter han hadde fare gjenom dei øvre bygder. 2 Der fann han nokre læresveinar og sagde til deim: «Fekk de den Heilage Ande då de vart truande?» Dei svara honom: «Me hev ikkje ein gong høyrt um den Heilage Ande er komen.» 3 Han sagde til deim: «Kva dåp er de då døypte med?» Dei sagde: «Med Johannes’ dåp.» 4 Då sagde Paulus: «Johannes, han døypte med umvendings dåp, med di han sagde til folket, at dei skulde tru på den som kom etter honom, det er på Jesus.» 5 Då dei høyrde det, let dei seg døypa til Herren Jesu namn, 6 og då Paulus lagde henderne på deim, kom den Heilage Ande yver deim, og dei tala med tungor og profetiske ord. 7 Desse mennerne var umkring tolv i alt. 8 Han gjekk då inn i synagoga og tala frimodigt i tri månader, med di han samtala med deim og yvertydde deim um det som høyrer til Guds rike. 9 Men då nokre forherde seg og ikkje vilde tru, og tala ille for mengdi um denne vegen, braut han lag med deim og skilde læresveinarne ut og heldt dagleg samtalar i skulen åt Tyrannus. 10 Dette varde i tvo år, so at alle dei som budde i Asia, fekk høyra Herrens ord, både jødar og grækarar, 11 Og uvanlege kraftverk gjorde Gud ved Paulus’ hender, 12 so at folk endå tok sveitedukar eller fangskinn som han hadde havt på seg, og gjekk med deim til dei sjuke, og dei vart fri for sjukdomarne, og dei vonde ånderne for ut or deim. 13 Men nokre av dei jødar som for ikring og mana ånder, tok til å nemna Herren Jesus namn yver deim som hadde dei vonde ånderne, med di dei sagde: «Eg manar dykk ved den Jesus som Paulus forkynner.» 14 Det var nokre søner til Skevas, ein jødisk øvsteprest, sju i talet, dei som gjorde dette. 15 Men den vonde åndi svara og sagde: «Jesus kjenner eg, og Paulus veit eg um; men de, kven er de?» 16 Og mannen som den vonde åndi var i, sprang innpå deim og vann på deim og fekk yvermagt yver deim, so at dei laut fly nakne og såra ut or huset. 17 Dette vart kunnigt for alle som budde i Efesus, både jødar og grækarar, og der kom ræddhug på deim alle, og Herren Jesu namn vart høglova. 18 Og mange av deim som hadde teke ved trui, kom og vitna og fortalde um sine gjerningar. 19 Og ein stor hop av deim som hadde fare med fåfengde kunster, bar bøkerne sine i hop og brende deim upp so alle folk såg det. Og dei rekna saman deira verde og fann at det var femti tusund sylvpengar. 20 Soleis hadde Herrens ord veldug framgang og fekk magt. 21 Då dette var fullført, sette Paulus seg fyre å draga gjenom Makedonia og Akaia og fara til Jerusalem, med di han sagde: «Når eg hev vore der, lyt eg og sjå Rom.» 22 So sende han tvo av hjelpesmennerne sine, Timoteus og Erastus, til Makedonia; sjølv vart han endå verande ei tid i Asia. 23 Men ved den tid vart der ikkje lite uppstyr um Guds veg. 24 For det var ein mann med namnet Demetrius, ein sylvsmed, som gjorde Artemis-tempel av sylv og gav kunstsmedarne ikkje liti vinning. 25 Han kalla saman desse og dei arbeidarar som sysla med det same, og sagde: «Menner, de veit at det er av dette arbeidet me hev vårt velstand. 26 Og de ser og høyrer at ikkje berre i Efesus, men yver mest heile Asia hev denne Paulus ved yverteljing avvendt ein stor hop, med di han segjer at dei ikkje er gudar, dei som vert gjorde med henderne. 27 No er det ikkje berre den fåren at dette vårt handverk skal få eit uord, men ogso at den store gudinna Artemis’ tempel skal verta rekna for ingen ting, og hennar storvelde verta øydelagt, ho som heile Asia og mannheimen dyrkar.» 28 Då dei høyrde dette, vart dei fulle av harm og ropa: «Stor er den efesiske Artemis!» 29 Og heile byen kom i fullt upprør, og dei styrmde alle som ein til teatret og reiv med seg makedonarane Gaius og Aristarkus, fylgjesmennerne åt Paulus. 30 Då Paulus vilde ganga inn til folket, let ikkje læresveinarne honom få lov. 31 Nokre av asiarådarne, som var hans vener, sende og bod til honom og bad honom at han ikkje måtte ganga inn i teatret. 32 Nokre ropa då eitt, andre noko anna; for folkehopen var reint fortulla, og dei fleste visste ikkje kva dei var komne saman for. 33 Men nokre av flokken sette Aleksander inn i saki, då jødarne skuva honom fram. Men Alexander slo til ljod med handi og vilde halda ein forsvarstale til folket. 34 Men då dei fekk vita at han var ein jøde, vart det eit einaste rop frå deim alle, so dei mest i tvo timar ropa: «Stor er den efisiske Artemis!» 35 Men byskrivaren fekk då stagga hopen og sagde: «Menner frå Efesus? Kva menneskje er det vel som ikkje veit at efesar-byen er tempelvaktar for den store gudinna Artemis og hennar himmelfalne bilæte? 36 Då no ingen segjer imot dette, so må de styra dykk og ikkje gjera noko for framfust. 37 For de hev ført hit desse mennerne, som korkje er tempelranarar eller spottar dykkar gudinna. 38 Hev no Demetrius og kunstsmedarne med honom nokor klaga på nokon, so vert det då halde rettarmøte, og her er landshovdingar; lat deim so føra klaga på kvarandre! 39 Men dersom det er noko anna de søkjer, so skal det verta avgjort på det lovlege ålmannating. 40 For det er jamvel fåre for at me skal verta klaga for upprør etter dette i dag, då det ingen grunn finst, som me kann bruka til å gjera greida for dette upplaupet.» 41 Og med å segja dette fekk han hopen til å skiljast.

< Apostlenes-gjerninge 19 >