< 3 Johannes 1 >

1 Den eldste til den kjære Gaius, som eg elskar i sanning. 2 Kjære ven! Eg ynskjer at du i alle måtar må liva vel og hava helsa, liksom di sjæl liver vel. 3 For eg vart mykje glad då det kom nokre brør og vitna um di sanning, korleis du ferdast i sanning. 4 Eg hev ingi større gleda enn det, at eg høyrer mine born ferdast i sanningi. 5 Kjære ven, du gjer ei trufast gjerning med det du gjer mot brørne, og det jamvel mot dei framande, 6 og dei hev vitna for kyrkjelyden um din kjærleik. Du gjer vel um du hjelper deim i veg, som det er sømelegt for Gud. 7 For det er for hans namn skuld dei er gjengne ut, og dei tek ikkje imot noko av heidningarne. 8 Me er då skuldige til å taka imot slike, so me kann verta medarbeidarar for sanningi. 9 Eg hev skrive til kyrkjelyden; men Diotrefes, som gjerne vil vera fyrstemannen millom deim, tek ikkje imot oss. 10 Difor vil eg, når eg kjem, minna um dei gjerningar som han gjer, med di han baktalar oss med vonde ord; og ikkje nøgd med det, tek han ikkje sjølv imot brørne, og deim som det vil, hindrar han og støyter deim ut or kyrkjelyden. 11 Kjære, gjer ikkje etter det vonde, men etter det gode! den som gjer godt, er av Gud; den som gjer vondt, hev ikkje set Gud. 12 Demetrius hev godt lov av alle og av sjølve sanningi; ogso me gjev honom godt vitnemål, og du veit at vårt vitnemål er sant. 13 Eg hadde mangt å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva til deg med blekk og penn. 14 Men eg vonar å få sjå deg snart, og då skal me talast ved munn til munn. Fred vere med deg! Venerne helsar deg. Helsa venerne med namn!

< 3 Johannes 1 >