< 2 Tessalonikerne 3 >

1 Elles, brør, bed for oss at Herrens ord må hava framgang og syna seg herlegt liksom hjå dykk, 2 og at me må verta utfria frå dei uliklege og vonde menneskje; for trui er ikkje kvar manns sak. 3 Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde. 4 Me hev den tiltru til dykk i Herren, at de både gjer og kjem til å gjera det som me byd dykk. 5 Men Herren styre dykkar hjarto til å elska Gud og til å venta på Kristus med tolmod! 6 Men me byd dykk, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de held dykk frå kvar ein bror som ferdast uskipeleg og ikkje etter den lærdom som de fekk av oss. 7 For de veit sjølve korleis de skal etterfylgja oss; for me livde ikkje uskipeleg millom dykk; 8 og me åt ikkje heller brød hjå nokon for inkje, men i strev og møda arbeidde me natt og dag, for at me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, 9 ikkje for det at me ikkje hev rett til det, men at me kunde gjeva dykk eit fyredøme i oss sjølve, so de skulde etterfylgja oss; 10 for då me var hjå dykk, baud me dykk og dette, at um nokon ikkje vil arbeida, skal han heller ikkje eta. 11 Me høyrer nemleg at sume ferdast uskipeleg millom dykk, so dei ikkje arbeider, men fer med slikt som ikkje kjem deim ved. 12 Men slike byd og påminner me i Herren Jesus Kristus, at dei skal arbeida i stilla og eta sitt eige brød. 13 Men de, brør, vert ikkje trøytte av å gjera det som godt er! 14 Men um nokon ikkje lyder vårt ord her i brevet, so merk dykk honom; hav ikkje samkv me med honom, so han må blygjast! 15 og haldt honom ikkje for ein fiende, men påminn honom som ein bror! 16 Men han, fredsens Herre, gjeve dykk fred alltid i alle måtar! Herren vere med dykk alle! 17 Helsing med mi, Paulus’ hand, som er eit merke i kvart brev. Soleis skriv eg: 18 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle!

< 2 Tessalonikerne 3 >